ETISKE RETNINGSLINJER FOR DOMMERE

På vegne av NVBF har Dommerkomiteen (DK) utarbeida etiske retningslinjer for våre dommarar. Retningslinjene skal fungere som ei utfyllande rettleiing og bidra til at norske dommarar opptrer profesjonelt, korrekt og med integritet i utøvinga av dommargjerninga si. På denne måten kan dommarane representere norsk volleyball i samsvar med ånda i omgrepa «Respekt» og «Stoltheit».

For å kunne utøve dommargjerninga er det avgjerande å ha full tillit innad i volleyballmiljøet. Dette oppnår ein mellom anna ved å vise omsyn, ærlegskap, objektivitet og nøytralitet i all oppførsel; både på og utanfor bana. Dommarane våre bør difor vere førebudde på, og kontinuerleg vurdere, situasjonar dei kan bli stilt ovanfor, slik at dei kan halde på integriteten sin på ein god måte.