NVBF inviterer til Trenerutviklerkurs for minitreneren i Oslo i april

I samband med utarbeidinga av ei ny og revidert trenarløype, som etter planen skal starte frå hausten 2026, har NVBF gleda av å invitere til nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren 25.-26. april 2026 på NIH i Oslo.

Målet med dette kurset er å gje klubbar moglegheita til å utdanne sine eigne trenarutviklarar, som kan halde MiniTrenaren for medlemmer i eigen klubb – og skape moglegheiter for både klubb og trenarutviklar til å kunne bidra tilsvarande til andre klubbar i nærmiljøet.

Med ein eigen trenarutviklar vil klubben kunne halde kurset MiniTrenaren på ein måte som er fleksibel, og som gjev mange moglegheiter i den kvardagen klubben faktisk har. NVBF lagar eit godt kurs for trenarutviklaren, inkludert ei påfølgjande god oppskrift på korleis ein heilt konkret skal gjennomføre kurs i klubb, og med ein pakke digitale hjelpemiddel for å sikre at ein enkelt har det ein treng i etterkant av kurs – både for den som skal halde kurset, og for dei som er deltakarar.

Kvifor?
I dagens ordning, så vil ein typisk vere avhengig av å anten reise på NVBF sine kurs for å ta MiniTrenaren, eller invitere ein av NVBF sine trenarutviklarar til seg. Sjølv om gjennomføringa kan bli god, vil ein ofte vere avgrensa til helger, avhengig av at trenarutviklar med anna jobb har tid, måtte ta omsyn til reiseavstand og kostnader, eller anna – og ikkje minst ein allereie travel sesong. Med sin eigen trenarutviklar vil klubben kunne organisere MiniTrenaren heilt sjølv – på den måten som passar klubben best – innanfor ei tidsramme på ein månad. Vi har mange dyktige trenarar rundt om i norske klubbar som ved kursing til å følgje same mal for gjennomføring kjem til å gjere ein strålande jobb i sin klubb og sitt nærmiljø.

Kursgjennomføring
Les fleire detaljar om kurshelga, gjennomføringa av kurs i klubb, og vegen vidare for deg som trenarutviklar for MiniTrenaren her: https://volleyball.no/wp-content/uploads/2025/10/minitrenaren-praktisk-helg.pdf

Meir informasjon om heile den nye trenarløypa kjem i god tid før oppstart, både med informasjon om format og innhald, og korleis vi gjer det med dei som er halvvegs i den løypa vi har i dag. Det overordna målet vil vere eit produkt som blir enklare å gjennomføre reint praktisk, meir konkret innhald i forhold til å faktisk kunne skape endring i kvardagen som trenar, og ein betre samanheng på tvers av kurs og nivå.

NVBF tar kjapt kontakt med dei aktuelle klubbane som har kandidatar påmeldt når påmeldingsfristen går ut, slik at ein kan sikre at det er ein kandidat som klubben ønskjer.

Økonomi

Deltakaravgifta er kr. 600, og det er først og fremst for å kunne bidra med ei god reiseutjamning til dei som reiser langt. NVBF ønskjer ikkje at reisekostnader skal vere avgjerande for deltaking, og vil også bidra økonomisk sjølve til det.

TID OG STED

Digital felles teori onsdag 15. april kl. 20-21:30

Fysisk oppmøte på Norges Idrettshøgskole, Oslo 25.-26. april
Lørdag 25.04 kl. 12-19
Søndag 26.04 kl. 10-14

Praktisk info

Trenerutvikler: Bendik Huus og Eivind Rudaa

Ta med: treningstøy, mat, drikke og skriveutstyr

Praktiske spørsmål knyttet til kurshelgen rettes til NVBF ved avdeling utvikling og kompetanse: kompetanse@volleyball.no

Pris

Kursavgift

600 kr,-

Betaling gjøres direkte ved påmelding i idrettskurs.

Deltakere kan få refundert reise mot mot kvittering på opp til kr. 2500,- per deltaker.

Kost og overnatting organiseres og påkostes den enkelte deltaker.

Påmelding

Påmeldingsfrist: fredag 10. april

Du benytter ditt eget brukernavn og passord ved innlogging. Du vil også finne kurset ved å logge inn på minidrett og søke på ordet «nvbf – minitreneren» under fanen kurs.

Påmeldingen er bindende.

Har du problemer med brukernavn og passord til minidrett vennligst kontakt NIF IT på 21 02 90 90/support@idrettsforbundet.no.

Vi gjør oppmerksom på at hvis det er klubb som skal betale kursavgiften må klubbleder melde på deltager. En veileder til hvordan dette gjøres finnes her: Kurspåmelding – idrettslaget skal betale (idrettsforbundet.no)