Endå ei gjennomføring av trenar 3 er no avslutta, og 13 nye trenarar har no fått denne kompetansen gjennom flott innsats i sesongen 2025/2026. Les meir om kven som har fått kompetanse, og korleis kurset vart gjennomført denne gongen!

Trenar 3, som blir gjennomført annankvar sesong, er det høgste nivået i trenarutdanninga til NVBF. Gjennom ein heil sesong har deltakarane samlingar og oppgåver, både digitalt og fysisk, og jobbar samstundes med sine eigne prosjekt rundt dei laga ein har ansvar for i kvardagen. Nokre delar av kurset er meir generelle, der ein til dømes jobbar med kva det vil seie å vere ein god leiar og refleksjon rundt si eiga rolle som trenar, og nokre delar meir spesifikke mot våre idrettar. I 2025/2026 vart følgjande overordna program gjennomført:

  • Fysisk samling i Arendal i samband med landskamp mot Tsjekkia
  • Fysisk samling i samband med cupfinalar i volleyball i Oslo
  • Fysisk samling på ToppVolley Norge (TVN)
  • Fysisk fellessamling i Oslo leia av Norgesidrettsforbund (NIF) og Olympiatoppen (OLT), i samarbeid med trenar 3 hos andre idrettar

Bilder frå samling på TVN

I tillegg har det vore kortare digitale samlingar med ulike tema, og deltakarane har gjennomført nokre e-læringar. Kurset vart avslutta med at deltakarane presenterte sine eigne prosjekt, og fekk individuelle tilbakemeldingar på både prosjekt og årets gjennomføring. Sjølv om det også har vore god utvikling undervegs i kurset, så er målet med trenar 3 først og fremst at ein står betre rusta til starten av neste sesong. Gjennom det som er presentert, og etter kva vi har sett undervegs av refleksjonar og praktisk arbeid, så trur vi mykje ligg til rette for akkurat det. Ekstra kjekt har det vore å sjå nye og gode nettverk bli danna mellom trenarane.

Kurset har vore stødig leia av Jon Grydeland, trenarutviklar hos NVBF, som til dagleg jobbar som seniorrådgjevar for trenarutvikling hos NIF. Jon har tidlegare vore landslagstrenar i sandvolleyball og sportssjef hos NVBF. Med seg har Jon hatt utdanningsansvarleg i NVBF, Bendik Gabriel Huus.

Følgjande deltakarar har no fått kompetanse som trenar 3:

  • Kenneth Jørgensen, Førde VBK
  • Martin Mjelde Bjelland, TIF Viking
  • Margrethe Perander, BK Tromsø
  • Tallak Bakken, Vegårdshei Volleyballklubb
  • Øystein Tronstad, Oslo Sandvolleyballklubb
  • Andrea Persøy, TIF Viking
  • Gerson Lourenço, Oslo Volley
  • Are Kristoffer Hjeltnes, Blindheim IL
  • Bjørn-Viggo Larsen, Finnsnes VBK
  • Gabriele Canella, Oslo Volley
  • Janis Dzenis, Finstad SK
  • Vinh Vo-Ma, Holstad IL
  • Eirik Sævareid, Trio IL

I samband med ny trenarløype, så jobbar NVBF vidare med neste gjennomføring av trenar 3, som vil starte hausten 2027. Her har ein gjennom fleire år hatt og utvikla ein god modell for gjennomføring av kurset – men det er alltid potensiale for god utvikling. Vi kjem tilbake med meir informasjon om neste gjennomføring etterkvart.

NVBF gratulerer deltakarar og klubbar med vel gjennomført kurs, og ønskjer lukke til vidare i arbeidet med å utvikle utøvarar og lag i norsk volleyball og sandvolleyball!

Start typing and press Enter to search