Det ble arrangert NM U15 sist helg, og i den forbindelse skrev journalist Emilie Gjengedal Vatnøy dette i avisa Møre (se for øvrig link her)

JU15 og GU15 frå KFUM Volda volleyball deltok på NM i Tønsberg i helga. Jentelaget spelte seg til finalen og skreiv historie, for det er fyrste gong Volda tek medalje for jenter U15 i NM.

48 lag frå heile Noreg stilte til NM, fordelt på 24 jentelag og 24 gutelag. Dei to Volda-laga kvalifiserte seg frå regionmeisterskapet og stilte med sju spelarar på kvart lag. Trenar for JU15, Rune Bernås, er svært imponert over innsatsen til jentelaget.– Reint sportsleg så var dette ei fantastisk helg! Jentene spelte berre betre og betre, og vann alle kampane med 2–0 heilt fram til finalen. Eg må berre skryte av laget for det gode samspelet. Alle spelte bra og laget hadde god kontroll heile vegen.

Noregsmeisterskapen starta fredag med puljespel, og Volda-jentene hadde stålkontroll. Dei vann puljen og kunne gå rett til 8. delfinale laurdag. I 8.-delsfinalen møtte dei Blindheim, og det vart eit viktig lokaloppgjer som jentene gjekk sigrande ut av.

– Den beste kampen var mot KFUM Stavanger i semifinalen, der jentene leverte sin beste kamp hittil i meisterskapet. I finalen møtte dei tøff motstand frå Øksil frå Nordland, og tapte kampen 2–0. Øksil er eit godt lag, så jentene fekk maksimalt resultat utifrå forholda. Vi fekk ei velfortent sølvmedalje, seier trenaren nøgd.

GU15 fekk ein 14.-plass i årets NM.

Det er fyrste gong KFUM Volda volleyball tek medalje for jenter U15 i NM.

– Jentene skreiv historie i årets NM, og det er kjekt å sjå at vi hevdar oss på jentesida. Stavangerområdet er vanlegvis veldig sterke på jentesida, og hevdar seg stadig i toppen under NM. Denne gongen måtte Stavanger og Randaberg ta til takke med å spele om bronsemedaljen, medan to lag nordfrå, vi og Øksil, fekk spele finalen.

Tradisjonen tru vart det kåra eit All Star-team – eit stjernelag, der ein trekk ut dei beste spelarane frå dei ulike laga. Nora Bjørlykke Øvereng frå KFUM Volda volleyball leverte godt, og vart trekt ut til All Star-teamet.

Det var ein sliten, med godt nøgd gjeng som kom tilbake til Volda med buss, klokka 02.30 søndag.

For tre veker sidan spelte KFUM Volda volleyball JU19 seg til finalen i NM U19. Der tok også jentelaget sølv, og gutane spelte seg til ei bronsemedalje. Med totalt tre medaljar i årets tre aldersbestemte NM, er dette det beste resultatet på 10 år for KFUM Volda volleyball, som klubb. Og det beste nokon gong for jentene i klubben.

Start typing and press Enter to search