Foto: Einar Juliebø

FAVORITTAR TIL Å GÅ VIDARE FRÅ SEMIFINALEN TIL CUP-FINALEN

Å komme til cupfinalen er noko av det gjevaste eit elitelag i Noreg kan oppnå. Å vere best når det gjeld er ein eigenskap som dyktige idrettsutøvarar og lag har. Målet om å komme til Oslo, spele finale som er ramma inn av 2000 tilskodarar, heng alltid høgt.

I år vert ikkje ramma rundt finalen lik som åra før, men målet om å bli eit av finalelaga, er viktig for alle semifinalistane. Sjølv om nokre lag har eit vesentleg betre utgangspunkt enn andre lag, så skal likevel kampen spelast etter ein juleferie der laget ikkje har vert samla, etter mange koronatestar for først å kunne reise heim til jul, og deretter for å reise tilbake til laget sitt, pluss eit varierande treningstilbod på heimplassen, kan gjere alle lag usikker på kvar ein står no etter jul.

SEMIFINALE DAMER

BK Tromsø og Koll er favoritter til å nå cupfinalen etter at begge lag vant  3-0 i første kamp. BK Tromsø tar i mot TIF Viking i Tromsøhallen, mens Koll møter Randaberg i Randaberghallen

BK Tromsø – TIF Viking

BK Tromsø-laget held eit høgt servepress, gjer lite feil og har ein solid arbeidsmoral. Ragni Steen Knudsen er ein klassespelar i alle fasar, og ho blir viktig å stoppe dersom TIF Viking skal ha ein moglegheit.

BK Tromsø har spelt mange kampar mot TIF Viking og hovudtrenar Morten Østrem seier at dei opplevde at dei hadde god kontroll i desse kampane. Dei er einige med favorittstempelet, men veit at TIF Viking kan spele skikkeleg bra når dei er på sitt beste, og understrekar at dei tek kampen seriøst.

TIF Viking fekk ikkje eit ønskeleg resultat i heimekampen, men hovudtrenar Martin Mjelde Bjelland uttalar at dei gledar seg veldig til semifinalen og har hatt gode treningar i forkant. BK Tromsø er eit utruleg bra lag seier Bjelland, og han har klødd seg litt i hovudet over at BKT plukkar så mange ballar.

Randaberg – Koll

I den andre semifinalen verkar Koll veldig solide for tida. Dei har ein god førsteseksar, gode innbytarar og held eit jamt høgt nivå, medan Randaberg har variert meir i spel.

Hovudtrenar til Randaberg Espen Sørbø uttalar at dei gjerne skulle hatt eit betre utgangspunkt, men dei går ut med låge skuldrar og prøver å gjere det beste ut av det. Basisspelet blir viktig, laget må sett ei betre blokk enn sist og dei må ha ein god dag i alle fasar av spelet. Sørbø synes eige lag var under pari sist gong, og seier at dei unge spelarane er revansjelystne, og ynskjer å vise seg frå si beste side.

Den unge Kolltrenaren Lars Martin Sandanger viser til at Randaberg er ein erfaren cupmotstander og at dei har spelarar med ekstrem fysikk, så struktur i blokk/forsvar blir veldig viktig dersom ein skal stoppe dei. Han seier at dersom Koll senker seg og spelar på resultat, får dei trøbbel. Dersom dei held avtalen sine og gjer dei tilpassingane som er nødvendig mot Randaberg, så kan dette bli ein artig kamp. Dei gledar seg veldig til kamp, og ser at dei er privilegerte som får spele kampar.

SEMIFINALE HERRAR

Etter første semifinale for herrar der Førde slo NTNUI 3-0 i Trondheim, og TIF Viking tok skalpen på Koll med ein 3-0 seier i Oslo, så har begge desse laga tatt eit langt steg mot finalen.

Førde – NTNUI

No den andre semifinalen er heimelaget Førde storfavoritt, og NTNUI må overraske veldig dersom dei skal slå Førde. Sist kamp hadde Førde god kontroll, og trener Branislav førebudde laget godt før kamp. Før denne kampen, har ikkje Branislav hatt moglegheit til å reise tilbake til Noreg pga. utfordringar i Serbia og Noreg når det gjeld korona. Førde meiner dei har hatt eit godt opplegg ved at treningane har blitt planlagt og gjennomført av  kaptein Martin Olimstad og Bjarne Nikolai Huus med hjelparar, så vil kampen vise om dei også denne gongen har god kontroll på Sigurd Festøy og co.

TIF Viking – Koll

Før jul viste TIF Viking at dei var i kjempeform, med eit svært høgt servepress, og brødrene Helland-Hansen og Hylland som gjorde livet surt både for Koll i semifinalen og Førde i seriekampen etterpå.  Koll har berre tapt ein kamp så langt i år og det var den første semifinale mot TIF Viking i Kringsjåhallen. Kan dei overraske mot eit heimelag som spelar utruleg godt i den nye, flotte Åsane Arena? Dersom Koll får i gang blokk/forsvaret sitt og tek første sett, så kan dette bli ein kamp med stor nerve.

Informasjon om laga, samt statistikk og tabellar finn du på Datavolley.  Kampane ser du på Direktesport.

 

Start typing and press Enter to search