Årets klubb- og trenarkonferanse fekk eit internasjonalt preg då Alan Knipe frå USA leia den felles trenardelen av programmet.
Knipe er til dagleg hovudtrenar for Long Beach State i NCAA, som er regjerande amerikanske meisterar, og han har tidlegare vore landslagstrenar for USA – mellom anna under OL i London i 2012. Gjennom karrieren har han hatt gleda av å trene fleire av dei beste volleyballspelarane i verda.
Søndagens praktiske økt blei filma og kan sjåast her: https://www.youtube.com/watch?v=Y2RDkw9HELI
Vi har lagt på teksting ved hjelp av kunstig intelligens – så der det gjekk litt fort i svingane med engelske ord og uttrykk for dei som var der live, så kan ein her sjå det om igjen.
For dei som ønskjer meir fagleg innhald, anbefaler vi å følgje Champions Unlimited på Instagram – Alan Knipe og kollegaene hans vil her etterkvart leggja ut meir fagleg innhald og oppdateringar frå kurs og anna.
Sjekk også ut Hudl sine produkt for volleyball og sandvolleyball, som brukar kunstig intelligens til å analysere video frå trening og kampar. Sam Shenton frå Hudl (tidlegare Balltime AI) hadde workshops både fredag og laurdag på årets konferanse. Her finn du oversikt over Hudl sine produkt og prisar, og fram til 19. oktober 2025 er det 15 % rabatt på toppen av prisane du ser i oversikta. Her er link til ein gratis prøveperiode på to veker: Balltime Legacy Trial – og Sam kan enkelt kontaktast på [email protected] uansett kva spørsmål ein måtte ha.
Tusen takk til alle som deltok på konferansen og var med på å sette deltakarrekord! Målet er å skape ein møteplass for klubbar og trenarar i norsk volleyball, med eit tilbod og program som aukar sjansen for at ein kan skape ei positiv endring i eigen klubb etter helga, anten på eller utanfor bana. Slike møteplassar er avgjerande for å utvikle norsk volleyball, og vi håpar at innhaldet har gitt inspirasjon til positive endringar i klubbkvardagen framover.
I løpet av helga fekk også Koll Volley sitt herrelag i Mizunoligaen og Oslo Volley sitt 1.-divisjonslag ei unik moglegheit til å bli trena av Knipe, og NVBF ønskjer å takke laga for at dei stilte opp.
NVBF ønskjer alle klubbane våre ein flott sesong!


















