Dei siste to vekene har sittevolleyballlandslaga våre hatt årets første landslagssamling. Damene heldt samlinga si i Tønsberg, medan herrane tok turen til Kristiansand.
Det vart to nyttige samlingar med mykje ball- og fysisk trening med fokus på mange balltouch, ferdigheitstrening og godt sosialt samvær.

Kvinnene hadde i tillegg til ein del skadeførebyggjande trening lagt vekt på den vidare utviklinga av volleyballferdigheiter, både teknisk og taktisk. Dei hadde totalt fem volleyballøkter og om lag ni timar trening i løpet av helga.
Alt i alt vart det ei vellukka helg med mykje sittevolleyball og mange smil!
Takk til Tønsberg VBK for utlån av hall og utstyr.

Herrene hadde óg mykje fokus på teknikk og fysiske økter og spillergruppa hadde høg motivasjon og god treningsiver gjennom heile helga.
Rett utenfor treningslokale pågikk NT Kristiansand Open i Beach. Pauser vart benytta utendørs for å sjå på sandvolley på høgt nivå. Inspirerende for sittevolleygutta fordi sandvolley for para er på full fart inn internasjonalt i både sittende og stående versjon.
Søndagen vart avslutta med showkamp inne i hallen. Talentfulle NT Beach spillere fra Stovner, Kristiansand, Vegårshei og OV satte seg på gulvet og matcha landslagsgutta bra. Det vart god stemning sjølv om det vart tap for unggutta.

Takk til Beate Fosseli og KSK for å hjelpe med fasiliteter og å tilrettelegge samlinga i Kristiansand. Takk til Jørgen Nilsen, daglig leiar i KSK som ønskte gutta velkommen via speakeranlegget på stadion og fikk dei til å føle seg inkludert i volleyballfamilien. Takk også til dei unge sandvolley-talenta, som sporty matcha herrelandslaget på parketten søndag og takk til Sofia (KFUM Stavanger) og Adine (KSK) som var med på fredagsøkta!

Neste samling i sittevolleyball blir ei åpen samling i september. Vi ønsker flere nye og unge spillere inn i miljøet så denne samlinga er åpen for alle som vil komme å prøve!
Har du spørsmål eller er interessert i å lære meir om sittevolleyball?
Ta kontakt med Elisabeth Eyde, landslagstrener damer 932 25 783
John Walstad, landslagstrener herrer 91196537 eller
Line Homlong Gaustad, parakonsulent i NVBF 948 98 398, linehomlong.gaustad@volleyball.no.



