Årets Trenar 3-kull består av 13 deltakarar. 12 av dei var til stades under den første fysiske samlinga i utdanninga.

Samlinga fann stad i Arendal i samband med EM-kvalifiseringskampen mellom Norge-Tsjekkia.
Samlinga vart leia av trenarutviklarane Jon Grydeland og Bendik Gabriel Huus.

Deltakarane fekk øve på planlegging og evaluering av økter – og ikkje minst observasjon av landskamp.
Besøk frå landslagstrenarane for senior herrar gav deltakarane verdifull innsikt, både i forkant og etterkant av kampen mot Tsjekkia.

Neste samling for kullet er ei felles Trenar 3-samling på tvers av særforbunda, arrangert av OLT og NIF i Oslo 12.–14. september. Her vert det særleg fokus på idrettscoaching, idrettspsykologi, prestasjonsernæring og prosessar for strategi og målsetting.

Deltakarane er òg inviterte til samling for landslags- og elitetrenerar i samband med Klubb- og trenarkonferansen 19. september.

1.–2. november samlast gjengen hos Topp Volley Norge på Sand, med hovudfokus på planlegging, leiing og evaluering av treningsøkter.

I tillegg blir det halde fleire digitale samlingar og heimeoppgåver gjennom året, før dei igjen møtest fysisk i Oslo til avslutningssamling i mai 2026.

Årets Trenar 3-kull:

  • Tallak Bakken – Vegårshei Idrettslag
  • Martin Mjelde Bjelland – TIF Viking
  • Gabriele Canella – Oslo Volley
  • Janis Dzenis – Finstad Sportsklubb
  • Are Kristofer Hjeltnes – Blindheim Idrettslag, Ålesund Sandvolleyballklubb
  • Kenneth Jørgensen – Førde Volleyballklubb
  • Bjørn-Viggo Larsen – Finnsnes Volleyballklubb
  • Margrethe Follesø Perander – Ballklubb Tromsø
  • Andrea Nerbøvik Persøy – Bergen Sandvolleyballklubb
  • Gerson Pinheiro Lourenco – Oslo Volley
  • Eirik Sævareid – Trio Idrettslag
  • Øystein Tronstad – Oslo Sandvolleyballklubb
  • Vinh Vo-Ma – Holstad Idrettslag

Start typing and press Enter to search