Foto: John Walstad – frå Grunntrenaren hos SK Stovner
Ny trenarløype, som offisielt er fullt i gong no over sommaren, har gjennom vinteren og våren tjuvstarta med Grunntrenaren, som er det nye navnet på det første nivået i ny løype. Klubbar har utdanna sine eigne trenarutviklarar, som har holdt kurs i eigne klubbar, og NVBF har gjennom Gjensidigestiftinga fått moglegheit til å halde kurs utan kostnad for klubbar i utvalde fylker. Norsk volleyball har fått mange nye Grunntrenarar allereie – og det kan du lese meir om her!
Grunntrenaren i klubb – med klubbar sine eigne trenarutviklarar
Etter to runder med nasjonalt trenarutviklarkurs for Grunntrenaren, så har 17 unike klubbar utdanna sine eigne trenarutviklarar – og nokon klubbar har utdanna meir enn ein. Det har blitt halde kurs i klubb frå Finnsnes i nord og til Volda i vest, og mange kurs er på trappene ved inngangen til neste sesong. NVBF er særs glade for at dette har blitt så godt motteke, og for den jobben både klubbar og trenarutviklarar har lagt ned i samband med dette.
Vil din klubb få utdanna sin eigen trenarutviklar? Då er det moglegheiter til dette både for Grunntrenaren og for Trenar 1 no til hausten. Sjekk ut denne linken for tidspunkt og påmelding til desse kursa!
Gjensidigestiftinga skapar ekstra moglegheiter for Troms, Trøndelag, Vestfold og Oslo
Gjennom søknad til Gjensidigestiftinga har NVBF i 2026 fått moglegheita til å halde eit antal kurs for Grunntrenaren utan kostnader for klubbar og deltakarar i fylka Troms, Trøndelag, Vestfold og Oslo. Gjennom søknaden har målet vore å skape eit tilbod som særleg treff ungdom og unge trenarar, og samstundes klubb, der ein legg til rette for kursing i klubb utan økonomi som ei barriere. Det har vore søkt likt i alle fylker over heile landet, og sjølv om det ikkje vart innvilga til alle, så er dette noko vi vil søke om å kunne tilby andre stader ved neste høve. Deltakinga har så langt vore veldig god, og NVBF vil takke klubbane for eit godt samspel i å skape engasjement rundt desse kursa. Etter kurs hos Stovner, Vestre Aker, Oslo Volley, Rønningen FHS og Tønsberg VBK har allereie 61 nye – stort sett ungdomar og unge vaksne – fått Grunntrenaren som kompetanse. Troms og Trøndelag kjem i gang til hausten.
Desse kursa i dei utvalde fylka held fram gjennom 2026, og NVBF har i utgangspunktet laga ein plan for gjennomføring utover hausten. Dersom du er i ein klubb i desse regionane, og vil sjekke ut kva mogleheiter som kan vere der for din klubb i denne samanhengen, så kan du ta kontakt med Bendik Gabriel Huus på bendik.huus@volleyball.no eller Eivind Rudaa på eivind.rudaa@volleyball.no.

NVBF vil nytte høvet til å ønskje alle trenarar i norsk volleyball og sandvolleyball ein god sommar – og ein stor takk for jobben de legg ned over heile landet!



