Justerte reglement for sesongen 2024-2025
I slutten av september startar volleyballsesongen i heile landet. Reglementene er revidert og ligg tilgjengelig på volleyball.no under Praktisk info – Lover og regler.
UTDRAG AV VIKTIGE ENDRINGAR I REGLEMENTET.
OVERGANG
Når ein melder overgang frå ein klubb til ein annan i MinIdrett, skal ein velge overgang ut fra eigen alder og kva lag ein melder overgang til.
Overgangstyper for personar over 20 år:
Overgang nasjonalt – for overgangar til lag i nasjonale seriar. Pris 800 kr.
Overgang regionalt – for overgangar til lag i regionale seriar. Pris 600 kr.
Overgangstyper for personar under 20 år:
Overgang 17-19 år, alle overgangar, også til seniorlag (inkl. nasjonale seriar). Pris 400 kr.
Overgang 13-16 år, alle overgangar, også til seniorlag (inkl. nasjonale seriar). Pris 0 kr.
NB! Overgang for spelarar under 18 år må godkjennast av føresette før søknaden vert sendt inn.
REGLEMENT SENIORSERIER
Spelarliste
Alle spelarar i lågare divisjonar skal definerast i spelarlista i TA (turneringsadmin) til kun eit av klubben sine lag. Lånespelarar må leggast inn som eksterne i sjølve kamptroppen.
Definisjonen av å spille en kamp
Ein spelar vert rekna som å ha spelt ein kamp dersom spelaren har vert på bana. Dersom ein spelar har stått på kampskjema, men ikkje blitt brukt i kampen, reknast det som at spelaren ikkje har spelt kampen.
Lån av spelarar mellom lag i same klubb
Lån av spelarar frå eit høgare rangert lag i klubben
I 1. divisjon kan ein klubb nytte maksimum inntil to spelarar frå eliteserielaget som ikkje har fylt 22 år 31. desember det året sesongen startar, utan at dei må i karantene. Spelarar som blir lånt kan ikkje ha starta i den siste seriekampen elitelaget spilte.
I lågare divisjoner kan ein klubb nytte inntil totalt 2 spelarar frå sitt næraste høgare rangerte lag, der spelarane enten:
- ikkje har fylt 20 år 31. desember det året sesongen startar.
- er eldre enn 35 år 31. desember det året sesongen startar.
Lag som skal delta i kvalifiseringskampar eller -turneringar, og som skal låne spelarar frå lag i same klubb, kan kun låne spelarar som minimum har spelt to kamper før nyttår og to kamper etter nyttår for det laget som skal delta i kvalifiseringa.
Lån av spelarar i lågare divisjonar frå eit lågare rangert lag i klubben
Eit lag i lågare divisjonar kan låne to spelarar (fri alder) frå eit lågare rangert lag i klubben, utan at dei må i karantene når dei skal tilbake til sitt opprinnelige lag, og ein spelar kan kun lånast oppover tre kampdager i løpet av ein sesong.
Meir utfyllande informasjon finner du i punkt 2.12 i reglementet.
Det vil komme meir informasjon om bakgrunnen for endringa og forståing av reglementetsendringane frå reglementsutvalet i lag med samarbeidspartnarane til utvalet.
NIF sin dommar- og trenarattest
Alle dommarar og trenarar skal gjennomføre NIF sin attest dommar- og trenarattest
ADMINISTRATIV REGULERING FOR ELITESERIEN OG 1. DIVISJON
Kvartfinaler i sluttspill
Kvartfinalene vert spelt som best av to kamper mellom lagene som blir nummer 3 og 6 fra grunnserien, og mellom nummer 4 og 5.
3. og 4. plass har heimearrangementet, og det vert brukt italiensk poenggjeving og eventuelt golden set.
ADMINISTRATIV REGULERING FOR LÅGARE DIVISJONAR
Kvalifisering om opprykk og nedrykk.
Det er nye matriser som gjeld antal lag som rykker opp og ned mellom divisjonen. Sjå reglementa for meir spesifikk informasjon.
REGLEMENT ALDERSBESTEMTE KLASSER
Samarbeidsklubb – samansatte lag
Samansatte lag er ei samarbeidsform som har til hensikt å sikre eit aktivitetstilbod der ein klubb ikkje åleine har nok spelargrunnlag til å danne eit lag.
Meir utfyllande informasjon finner du i punkt 2.8 i reglementet
Jenter på gutelag i US- runder (ikkje RM/NM)
Øvre grense for antal jenter på gutelag er tatt bort
Libero – U15/U17
Ein spelar kan vere libero i eit av setta, og vanleg spelar i eit anna sett. Laget kan bytte libero frå sett til sett. Spelaren må ha same draktnummer heile kampen.
Denne regelen gjeld også for RM/NM 15.
Den gjelder ikkje for RM/NM U17
REGLEMENT NM ALDERSBESTEMT
Kvalifisering til NM
Er det eit eller fleire lag som er kvalifisert frå ein region som ikkje takker ja, går plassen inn i den nasjonale potten med ekstra plasser og vert fordelt ut i frå ein fordelingsnøkkel.
Meir utfyllande informasjon finner du i punkt 4.13 i reglementet
REGLEMENT MINI
Minivolleyballturneringer i regi av NVBF er åpne for spillere fra og med det året de fyller 6 år til og med det året de fyller 13 år.

















