Bilde: Inger-Lise Rong og Emil Stavnem Sirnes var ikkje tilstades under bildetakinga
25. – 26. april gjennomførte NVBF andre runde med nasjonalt trenarutviklarkurs for Grunntrenaren, som er den første delen av dagens utdanning som trenar 1.
Ønskjet for framtida er at vi i størst mogleg grad legg til rette for at ein enkelt og praktisk kan gjennomføre trenarkurs på dei første nivåa i eigen klubb. Ved å kurse dei allereie dyktige klubbressursane våre til å følgje gode og konkrete malar for kurs, samstundes som vi opnar moglegheita for gjennomføring i eigen kvardag, så trur vi at vi kan utvikle eit tilbod som både er fagleg godt og tilpassa den faktiske kvardagen til den typiske trenaren i norsk volleyball.
NVBF ønskjer å gratulerer følgjande trenarutviklarar og klubbar med vel gjennomført kurs:
- Martine Viken, Førde Volleyballklubb
- Morten Rønningen, Bø Volleyballklubb
- Emil Stavnem Sirnes, Oslo Sandvolleyballklubb
- Petter Alstad Østvik, BK Tromsø
- Marianne Fagervold-Uleberg, Øverbygd Idrettslag
- Syver Drolsum, Vikersund Idrettsforening
- Inger-Lise Rong, Hinna IL
- Karl Roar Vigmostad, Hinna IL
- Sverre Tveter, BK Tromsø
- Bjørn-Viggo Larsen, Finnsnes Volleyballklubb
- Rune Yttervik, Sandnes VBK
- Terje Strand, Hamar Volleyballklubb
Desse er no kvalifiserte til å halde Grunntrenaren i sine respektive klubbar – og vi gler oss til dei første er i gang med kurs i eigen klubb!
Etter to runder med nasjonalt trenarutviklarkurs, har 17 unike klubbar utdanna sine eigne trenarutviklarar, og nokre klubbar har i tillegg utdanna meir enn ein.
NVBF kjem til å satse vidare på utdanning av flinke folk i klubbar, slik at vi på best mogleg måte får heva kompetansen i kvardagen til klubb og trenar. Difor køyrer vi ei ny runde med nasjonalt trenarutviklarkurs for Grunntrenaren 22.-23. august i Oslo.
Lenke til påmelding kjem etterkvart, og meir informasjon om kurset kan du finne her:
Trenerløypa – Norges Volleyballforbund
Lurer du på kva tankane bak kurset er, og korleis det faktisk ser ut? Sjekk ut denne videoen, der du får høyre litt frå både kursdeltakarar og kurshaldar. Vi gler oss til å utdanne fleire!



