Foto: Frode Andersen

Regjeringa varslar omfattande lette på smitteverntiltaka og ein ny pressekonferanse i neste veke.

Ut i frå dei positive signala som FHI og regjeringa gjev på det noverande tidspunkt, håper vi at volleyballen ruller som vanleg igjen i løpet av kort tid. NVBF vil opne for all aktivitet så snart regjeringa gjev grønt lys.

Lågare divisjonar:

Når regjeringa opnar opp for innandørs breiddeidrett for spelarar over 20 år, vil kampaktivitet i volleyball for lag i lågare divisjonar bli sett i gang. NVBF ber altså laga om å planlegge som at aktiviteten vil starte opp igjen allereie i slutten av neste veke.

US-runder/Mini/Teen:

NVBF arbeider for å gje laga eit alternativt kamptilbod, dersom ikkje regjeringa gjev løyve til å arrangere større turneringar dei kommande vekene.

NM aldersbestemt:

NVBF ser positivt på å få gjennomført aldersbestemte NM denne våren, og det vert jobba med å få på plass ein plan som er realistisk å gjennomføre. Vi veit at nasjonale og regionale seriar, helligdagar og konfirmasjonar verker inn på ein slik plan, men i samarbeid med NM-arrangørane prøver vi å legge alt til rette for at meisterskapa skal gjennomførast. Det kan bety at NM-datoar og premissar for kvalifisering kan bli endra. Målet er at ein plan for gjennomføring kan presenterast før helga 5.-6. februar.

Elite/1. divisjon:

Eliteserien har spelt kampar heile sesongen medan 1. divisjon kom i gang med sine kampar i midten av januar. Smittebølga som no går over Noreg, påverkar den nasjonale serien og gjev oss utfordringar med å gjennomføre alle seriekampane. Mange lag begynner no å oppleve smitte, og dette medfører at kampar må omberammast. NVBF takker klubbane for fair play, fleksibilitet og god kommunikasjon. Det vil vere viktig for å få gjennomført sesongen i desse utfordrande tider.

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search