Randaberg og Wilde Jakobsen er i ferd med å slå tilbake etter eit surt cupfinaletap. I helga jakter dei sin tiande strake seriesiger når Oslo Volley er motstandar.
Foto: NVBF/Tomm Hansen

På Myre møtast to lag som er toppmotiverte for å slå tilbake. Både ØKSIL og Lierne gjekk på to tap sist helg, og ynskjer å få sesongen på rett spor igjen. For ØKSIL vil ein trepoenger her bringe laget opp på medaljeplass i serien. Dei er nok også avhengige av å levere gode resultat i dei neste kampane skal sesongen ende med enten direkteplass i Final Four eller å få kvartfinalesluttspel på heimebane. For Lierne sin del er sjølve sluttspelplassen i spel. Avstanden ned til spesielt Førde er ikkje komfortabelt stor, og Silje Holand og lagvenninene ynskjer nok å auke luka. Første steg i den retninga kan dei ta ved å stoppe Ragni Steen Knudsen og ØKSIL laurdag.

Randaberg går for sin tiande siger av ti moglege, men skal få bryne seg på eit formsterkt Oslo Volley. Hos Oslo er Susann Bech stadig meir med etter langtidsskade, kan ho bli tunga på vektskåla i Randaberghallen? Den som tek turen i hallen får sjå! Oslo skal også møte TVN, som har blod på tann etter sigeren mot ØKSIL sist veke. Det som uansett er sikkert er at om Oslo får med seg 3-4 poeng i helga, så har dei verkeleg fått avstand ned til nedrykkskampen!

På herresida spelar Torvastad ein viktig bortekamp mot TVN. Torvastad er favorittar, og treng sigeren for å tette luka opp til NTNUI på kvalifiseringsplasen. Held Sebastian Nicoara fram med å plukke poeng blir det nok ein god dag for dei grønkledde, og ei særs nervepirrande sesongavslutning i vente!

Cupfinalist Tromsø gjekk på eit litt overraskande heimetap mot NTNUI sist helg. Oppgåvene denne helga blir ikkje særleg enklare. Koll borte er ei verkeleg nøtt, der Sverre Flåskjer og Koll ynskjer å auke luka i gullkampen. Tromsø drar så vidare til Randaberg, til det som verkar å vere ein open kamp. Randaberg vann bortekampen 3-2, men tapte cupsemifinala 3-0 mot Tromsø. Klarer Randaberg å slå tilbake etter ein skuffande kamp mot Koll sist helg, eller vil Tromsø ta viktige poeng i kampen for sluttspelplass?Den siste herrekampen i helga er ØKSIL-Viking. Klubbane er tabellnaboar, om enn ikkje geografiske naboar. Viking vil gjerne bryte sin artige statistikk med å ha vunne alle heimekampane og tapt alle bortekampane. Ein siger vil kunne føre dei opp på medaljeplass, og vere eit klart signal om at Viking er tilbake etter ein litt ustabil haust. Men ØKSIL gir seg heller ikkje utan kamp. Mathias Loftesnes har spelt ein god del kampar mot Viking før, og vil nok veldig gjerne bidra til at flest mogleg poeng blir igjen hos heimelaget. Blir det ein ny femsettar i Øksneshallen, mon tro?

Denne teksten er produsert av NTV.

Start typing and press Enter to search