Foto: NTNUI vann overraskande 3-0 borte mot Tromsø i helga.
Foto: NTNUI/Johanne Halseth

Kvinner

Randaberg tok sin niande strake siger i årets Mizunoliga då dei slo ØKSIl 3-2. Nær sagt som vanleg både tok og fekk Wilde Jakobsen mykje ansvar, og vart toppscorar med 20 poeng. Ariel Vaigafa spelte diagonal for Randaberg, tok 13 poeng, og imponerte også. Når vi også kan legge på det sterke blokkspelet til Jenny Adolfsen i den første fasa av tie-breaket og dei imponerande angrepskombinasjonane mellom Live Sørbø og Karoline Nore, står dette verkeleg fram som ein lagsiger.ØKSIL opplevde at god blokkprioritering frå Randaberg gjorde tilhøva vanskeleg for Ragni Steen Knudsen. Mathilde Lockert sto imidlertid fram som diagonal og var med på å sikre ØKSILs andre poeng mot Randaberg denne sesongen. Søndag enda det likevel med eit overraskande tap 2-3 mot TVN, etter ein kamp med merkelege settsiffer. Julia Tennøy vart toppscorer for heimelaget då TVN vann sin første kamp for sesongen.Viking hadde få problem med å slå Førde 3-0 heime. Diagonal Sarah Guddal vart toppscorar for bortelaget, men det var Grethe Soltvedt og Viking som altså sørga for å halde på andreplassen. I første del av februar venter to kampar mot Koll og ein tøff bortekamp på Randaberg, som vil bli avgjerande for grunnserieplasseringa til bergenserane.

Lierne skulle nok gjerne sett at turen til hovudstaden hadde enda med fleire poeng. Laurdag var noregsmeistrane frå Koll overlegne, og vann 3-0. Renate Bjerland vart toppscorer for Koll i ein kamp der dei nytta høvet til å rullere mykje. Cupvinnarane er i storform om dagen, og vil bli verkeleg skumle i kampen om 2.plassen i serien.Victoria Demmene hos Oslo Volley er kanskje den spelaren som har starta vårsesongen best. 25 nye poeng til ho søndag, då Lierne blei slått 3-1. Oslo gjekk ut med høgt servepress som i stor grad fekk ut midtane til Lierne, og lukkast godt med høge og etablerte blokker på sidene. Utover i 3.sett fekk Kine Gjertsås midtane meir med, men Oslo slo tilbake i siste sett og vann altså kampen. Med sigeren går Oslo opp på 5.plass, medan Lierne no er nede på den siste sluttspelplassen.

MennI forkant av serierunda spekulerte vi i korleis Koll ville klare seg i tre bortekampar på rad. Det byrja tungt, mot eit energisk Torvastad-lag. Men etter å ha avverga matchball mot i 4.sett klarte Koll å slå tilbake, og vinne 3-2. Diagonalane Lars-August Johnson og Sebastian Nicoara førte an i poengprotokollen. For Torvastad var dette nok eit prov på at maksnivået til laget er høgt nok til å følge alle i Noreg, og Torvastad ender no med positiv score mot Koll i grunnserien.Laurdag hadde Koll ingen problem med å slå Randaberg klart 3-0. Ein skuffande kamp av heimelaget, der Koll nytta høvet til å klatre til topps på tabellen. Og det bygde dei vidare på søndag, då dei vann 3-1 borte mot TVN. Også her starta det tungt, men då Sverre Flåskjer dro fram eit serveess på 25-24 i 2.sett fekk Koll den naudsynte energien til å rykke frå TVN, og trygge serieleiinga si.

I kampen mellom Viking og Førde blei det fem sett – nærast som vanleg. Og Viking tok sin femte strake heimesiger etter ein inspirerande tett kamp. Eirik Bjelland heldt fram med den gode forma frå sist seriehelg, og vart toppscorar med 27 poeng. Korkje Mikal Kalstad eller Martin Olimstad kom høgare enn 20 for Førde, og då var det Viking som vann det jamne sistesettet. Dei melder seg for alvor på både i kampen om direkteplass i Final Four, og om tredjeplassen som gir heimebane i kvartfinala. For Førde var det klubbens tredje strake serietap, og mykje vil no dreie seg om å finne igjen sigerforma som har plassert dei så høgt på tabellen.Det kanskje mest overraskande resultatet i helga var at NTNUI vann 3-0 i Tromsø, og det med klare siffer. 21 poeng frå Sigurd Festøy hjelpte sjølvsagt. I tillegg overraska studentlaget med å ha Simen Ødegård som midtspelar, der han imponerte stort i blokk. For heimelaget klaffa det ikkje heilt, og Casper Jørgensen vart mestscorande med 13 poeng. No ligg NTNUI kun tre poeng bak Tromsø, og det med ein kamp til gode. Kan det likevel bli sluttspelplass på studentlaget som opna sesongen så svakt? Ein ting er sikkert, og det er at både Torvastad og NTNUI kjem til å kjempe hardt for å forbetre tabellplasseringane sine!

1.divisjon

Også i 1.divisjon hadde NTNUI grunn til å juble. Damelaget slo både BSI og Viking 2 med 3-0, og klatra dermed opp på førsteplassen. 10 strake kampar som alle har enda 3-0 er imponerande, og NTNUI kjemper no om å halde Tromsø bak seg også i dei siste ni rundene. I herreserien klatra OSI opp på opprykksplass, etter siger 3-1 mot Sarpsborg. Men laget tapte også 1-3 mot Oldenborg, så her lever verkeleg kampen! OSI har 19 poeng, Lierne og Oldenborg har begge 17, medan BTSI har 15 poeng og to kampar til gode etter å ha vunne klart 3-0 mot NTNUI 2 i helga.

Denne teksten er skrevet og produsert av NTV

Start typing and press Enter to search