6. – 7. desember gjennomførte NVBF første runde med nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren, som er den første delen av dagens utdanning som trenar 1.

Ønskjet for framtida er at vi i størst mogleg grad legg til rette for at ein enkelt og praktisk kan gjennomføre trenarkurs på dei første nivåa i eigen klubb. Ved å kurse dei allereie dyktige klubbressursane våre til å følgje gode og konkrete malar for kurs, samstundes som vi opnar moglegheita for gjennomføring i eigen kvardag, så trur vi at vi kan utvikle eit tilbod som både er fagleg godt og tilpassa den faktiske kvardagen til den typiske trenaren i norsk volleyball.

NVBF ønskjer å gratulerer følgjande trenarutviklarar og klubbar med vel gjennomført kurs:

  • Sille Tars, Trio IL
  • Jan Ove Sørbakk, Snåsa IL
  • Kate Sønstebø, Kongsvinger Volleyballklubb
  • Sven Andreas Nygaard, Sarpsborg Volleyballklubb
  • Oda Fredrikke Holm, BK Tromsø
  • Synnøve Rotevatn, Trondheim Ballklubb
  • Eli-Karin Sjåstad Åsebø, KFUM Volda
  • Kristian Fjeldstrøm Trydal, Oslo Sandvolleyballklubb
  • Kristin Nymann-Elden, Vikåsen Volley
  • Inga Maren Gran Erke, Alta Volleyballklubb

Desse er no kvalifiserte til å halde MiniTrenaren i sine respektive klubbar – og vi gler oss til dei første er i gang med kurs i eigen klubb!

I tillegg deltok Birger Velle Hansen, Morten Hunstad og Agata Furmarek, som er ein del av NVBF sine meir rutinerte trenarutviklarar, for å få ei oppdatering på korleis kurset skal køyrast i ny trenarløype frå hausten 2026.

NVBF kjem til å satse vidare på utdanning av flinke folk i klubbar, slik at vi på best mogleg måte får heva kompetansen i kvardagen til klubb og trenar. Difor køyrer vi ei ny runde med nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren 25. – 26. april på Norges Idrettshøgskole i Oslo. Lenke til påmelding – og meir informasjon om kurset – finn du her:

Trenerutvikler – minitrener – Oslo – 04/26 – Norges Volleyballforbund

Lurer du på kva tankane bak kurset er, og korleis det faktisk ser ut? Sjekk ut denne videoen, der du får høyre litt frå både kursdeltakarar og kurshaldar. Vi gler oss til å utdanne fleire!

Start typing and press Enter to search