Siste helga i mars vart det arrangert NM 15 og klubbane Svelgen, Førde og Florø hadde kvalifisert seg til å delta på dette NM. Arrangementet vart gjennomført på Oslofjord Convention Center, rett utanfor Tønsberg og ein nytta ein ny og flott idrettshall med plass til minst 8 volleyballbaner. Tønsberg volleyballklubb gjennomførte eit godt arrangement og Sogn og Fjordane fekk gode resultat.

Gutar: Førde 7. plass og Svelgen 9. plass

Jenter: Svelgen 12. plass og Florø 23. plass.

I tillegg gratulerer vi Mikal Kalstad og Torstein Løken Nydal frå Førde som kom med på All-star laget som beste libero og beste midtspelar.

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search