Aldersbestemte NM i 2022

Hausten 2021 opplevde vi at korona nok ein gong verka inn på våre allereie utsette aldersbestemte NM, og dei offisielle mesterskapa for 2021 er avlyst. Det er no berre seks månader til dei aldersbestemte mesterskapa i 2022, og NVBF endrar ikkje på tildelingane som er gjort. Arrangørane som måtte avlyse sine NM i 2021, vert oppfordra til å søke om å få arrangere eit nytt mesterskap i neste runde.

Tildelte mesterskap 2022

NM U15: Arrangør er KFUM Volda. Mesterskapet skal spelast i Volda. Dato: 1.-3. april 2022.
NM U17: Arrangør er Gjesdal IL. Mesterskapet skal spelast på Ålgård. Dato: 25.-27. mars 2022.
NM U19: Arrangør er SK Rival. Mesterskapet skal spelast i Molde. Dato: 11.-13. mars 2022.
MVGS: Arrangør er Gulset IF Volleyball. Mesterskapet skal spelast i Skien. Dato: 28.-30. januar 2022.

Tildelte mesterskap 2023

MVGS: Arrangør er Førde VBK. Mesterskapet skal spelast i Førde. Dato: 27.-29. januar 2023.

Utlysning av mesterskap

I løpet av hausten 2021 vil det komme ei utlysing av desse mesterskapa:

NM U15 i 2023 og 2024
NM U17 i 2023 og 2024
NM U19 i 2023 og 2024
MVGS i 2o24

 

Start typing and press Enter to search