Foto: Ole. Andreas Bø

NM Regionlag sandvolleyball 2025

Helga 27.- 29. juni var Randaberg vertskap for NM U17 Regionlag 2025. Her stilte alle regioner med eit gutelag og eit jentelag, og totalt 18 lag tok turen til Randaberg arena for å delta i mesterskapet.

I NM treff ein både kjende og ukjende spelarar frå heile Noreg som alle kjempar om gode prestasjonar, opplevingar og sluttresultat. Det er sosialt, spennande og ein får målt nivået sitt opp mot resten av landet.

Torsdag var ankomstdag for alle laga. Nord, Trøndelag og delar av Møre og Romsdal reiste med fly medan dei andre regionane tok buss. Bussen frå Volda plukka opp spelarar jamt og trutt heile vegen gjennom Sogn og Fjordane, Hordaland og øvre deler av Rogaland, medan bussen frå Oslo tok kystvegen og plukka med seg region Øst og Agder.

Det er alltid like spennande på Randaberg om ein får 4 årstider på same dag. Torsdagen som var ankomstdag, viste kva ein kan forvente då det både regna og blåste, men då mesterskapet starta var det lett overskya og utover dagen vart det sol. Både fredag og laurdag gav gode moglegheiter for godt spel med sol, overskya og litt vind, medan ein diverre fekk ein del regnbyger på søndagen som var siste mesterskapsdag.

Randaberg sin volleyballgruppe tok godt vare på deltakarane med 4 baner på sandvolleyballområdet og kort avstand til Randaberghallen der det var toalett og garderobefasiliteter, sitteområder i ly for sol, vind og regn. Inne i hallen var Randabergdamene som vanleg i gang med sin flotte matservering der både salat, pasta, pizza, brød, hamburger og gode lappar var ein del av utvalet. Dei leverte ei fantastisk ramme og då er det ekstra kjekt å få tilbakemelding frå Randabergdamene at vår volleyballungdom er høflege og takkar for maten.

Etter at ordføraren Jarle Bø også dette året serva turneringa i gang, starta laga med puljespel i ei trelagspulje og siste kampen fredag var 1/8- delskamp mellom 3. plassene i pulje B og pulje C.

I reglementet for NM Regionlag sandvolleyball står det at kvart lag består av seks spelarar der alle spelarane skal spele minst eit sett og maks to sett i løpet av ein kamp. Når dei tre første setta er gjennomført, skal alle på laget ha spelt eit sett kvar.  I løpet av kampen kan eit makkerpar berre spele eit sett saman. Dersom stillinga er 2-1 etter tre sett, skal ein spele eit fjerde og eventuelt femte sett og dette gav spennande utfordringar til trenarane og spelarane i forhold til å spele godt med fleire forskjellige makkere.

Vinnar av puljene fredag:
Jenter:  Rogaland, Øst Hvit og Øst Svart
Gutar:  Øst Hvit,  Hordaland og Rogaland

Kvartfinalar laurdag
Jenter:
Kvartfinale 1: Rogaland –  Nord (3-0)
Kvartfinale 2: Møre og Romsdal – Hordaland (3-2)
Kvarfinale 3: Øst Svart – Agder ( 3-0)
Kvarfinale 4: Øst Hvit – Sogn og Fjordane (3-1)

Gutar:
Kvartfinale 1: Øst Hvit – Agder (3-0)
Kvartfinale 2: Øst Svart – Nord ( 3-1)
Kvarfinale 3: Rogaland – Møre og Romsdal (3-1)
Kvarfinale 4: Hordaland – Sogn og Fjordane (3-0)

Taparane av kvartfinalane og 1/8 kampen hamna i eit nedre sluttspill om 5.-9.plassen, her fekk alle spele mot alle slik at de fekk mange kamper og alle kjempa om 5. plassen i turneringen. Alle dei 5 laga fekk plassering i turneringen ut ifrå den tabellen.

JENTER

Bronsefinale

Møre & Romsdal – Øst Hvit 0-3 (8-21, 17-21, 13-21)

Møre og Romsdal vant kvartfinalen 3-2 mot Hordaland, og tapte semifinalen 2-3 mot Rogaland, og då bronsefinalen kom søndag føremiddag, var rett og slett Øst Hvit best og vant klart 3-0

Finalen

Rogaland – Øst Svart – 3-1 ( 21-19, 16-21, 21-11, 21-17)

Det er fjerde året på rad at Rogaland jenter er i finalen. I 2022 og 2023 mot Hordaland, medan i fjor var det mot Øst. Kvar gong har jentene frå Rogaland dratt seieren i land, så det var ei viss spenning om Øst kunne klare å sette ein stoppar for denne seirersrekka. .

Øst Svart leverte ein solid kamp, og sjølv om settsiffera viser at Rogland hadde bra kontroll, var det perioder i kampen då laga kniva om poenga og Rogaland måtte jobbe for tittelen. Men også dette året var Rogaland jenter best i landet og kunne heve pokalen over hovudet.

GUTAR

Bronsefinale

Øst Svart – Hordaland  1-3 (16-21, 21-14, 13-21, 15-21)

Bronsefinalen var ein underholdande kamp med gode prestasjonar på begge sider, høg temperatur og stor innsatsvilje. Etter ein hard semifinale mot Rogaland der Hordaland tapte tie-break, klarte dei å avgjere bronsekampen etter 4.sett og tek med seg bronsemedaljen heim.

Finalen

Øst Hvit – Rogaland 3-2 (21-19, 22-24, 19-21, 21-17, 15-9)

Finalen mellom Øst Hvit og Rogaland var underholdane å sjå på. I løpet av kampen fekk ein testa å spele både i vind og regn, noko som Rogalandsgutane er godt vande til. Etter tre sett leda Rogaland 2-1, og hadde moglegheit til å avgjere kampen i 4. sett og sikre regionen gull i begge klassar. Øst Hvit ville den annleis og utfordra Rogaland med god forsvarsjobbing og stor speleglede.
Til slutt drog Øst i land finalen og er dermed vinnar av NM Regionlag for fjerde året på rad.

Medaljevinnarar jenter

1. plass: Rogaland
2. plass: Øst Svart
3. plass: Øst Hvit

Medaljevinnarar gutar

1. plass: Øst Hvit
2. plass: Rogaland
3. plass: Hordaland

Resultater og lenker

Fullstendig kampoversikt og alle resultat frå NM Regionlag sandvolleyball på Randaberg finn ein  i Profixio.

Bilder tatt av mesterskapet sin offisielle fotograf Andrezej Grochocki  finn du her Bilder
Hugs å krediter fotograf når ein bruker desse bilda. 

Spelarane på regionlaga med meir finner du her på NM Regionlag

NVBF vil takke alle deltakende regionlag, regionstrenere og vertskapet Randaberg for sine viktige bidrag til å skape et super arrangement.  

Start typing and press Enter to search