Foto: Ole. Andreas Bø
NM Regionlag sandvolleyball
Helga 28.- 30. juni var Randaberg vertskap for NM U17 Regionlag 2024. I NM representerer ein spelar sin region og skal no spele saman med fleire som vanlegvis er motstander. Dei 18 laga frå heile landet har gjennom opne og lukka samlingar samt mange timar trening førebudd seg på best mulig måte fram til NM.
I NM treff ein både kjende og ukjende spelarar frå heile Noreg som alle kjempar om gode prestasjonar, opplevingar og sluttresultat. Det er sosialt, spennande og ein får testa nivået på landsbasis.
Torsdag var ankomstdag for alle laga. Nord, Trøndelag og delar av Møre og Romsdal reiste med fly medan dei andre regionane tok buss eller tog. Bussen frå Volda plukka opp spelarar jamt og trutt heile vegen gjennom Sogn og Fjordane, Hordaland og øvre deler av Rogaland.
Vermeldingane på førehand hadde planar om mykje regn, og fredagen vart utfordrande i forhold til både vind og regn. Heldigvis vart laurdagen betre i forhold til regnet, og på søndagen fekk vi avslutta arrangementet i sol og lite vind, og med underhaldande kampar.
Randaberg sin volleyballgruppe tok godt vare på deltakarane med gode rammer med 4 baner på sandvolleyballområdet og kort avstand til Randaberghallen, med toalett og garderobefasiliteter, sitteområder i ly for regn og vind. Og ikkje minst gjennom flott matservering inne i ein varm og god hall, der både salat, pasta, pizza, brød, hamburger og gode lappar var ein del av utvalet.
Etter at ordføraren Jarle Bø også dette året serva turneringa i gang, starta laga med ei 3-lags puljespel og siste kampen fredag var 1/8- delskamp mellom 3. plassene i pulje B og pulje C.
Nye reglar dette året er at kvart lag har seks spelarar der alle spelarane skal spele minst eit sett og maks to sett i løpet av ein kamp. Når dei tre første setta er gjennomført, skal alle på laget ha spelt eit sett kvar. I løpet av kampen kan eit makkerpar berre spele eit sett saman. Dersom stillinga er 2-1 etter tre sett, skal ein spele eit fjerde og eventuelt femte sett og dette gav spennande utfordringar til trenarane og spelarane i forhold til å spele godt med fleire forskjellige makkere.
Vinnar av puljene på jentesida var Øst Grønn, Rogaland og Øst Rød
Vinnar av puljene på gutesida var Øst Grønn, Agder og Hordaland
Lørdagen fortsatte med sjåverdige sluttspillkampar på rekke og rad, og til slutt endte vi opp med desse laga i semifinalane:
Gutter: Øst Rød – Agder og Øst Grønn – Rogaland
Jenter: Øst Grønn – Møre og Romsdal og Øst Rød – Rogaland
Taparane av kvartfinalane og 1/8 kampen hamna i eit nedre sluttspill om 5.-9.plassen, her fekk alle spele mot alle slik at de fekk mange kamper og alle kjempa om 5. plassen i turneringen. Alle dei 5 laga fekk plassering i turneringen ut ifrå den tabellen.
JENTER
Semifinale laga hadde harde kvartfinaler for å komme seg vidare. Den vanskelegaste kvartfinalen var mellom Øst Rød og Hordaland som måtte ha 5 sett før ein fekk avklart kven som gjekk videre til semi, der laget fra Øst klarte presset best i tiebreak med 15-7.
Bronsefinale
Møre & Romsdal – Øst Rød 0-3 (10-21, 18-21, 21-23)
Spennande kamp med nerve, men jentene jobba mykje, spelte variert og var tøff på serven. I deler av kampen leda Møre og Romsdal, men Øst var best på slutten av setta. I det siste settet vart eit skikkeleg spennande og langt sett før Øst Rød drog i langd seieren 23-21
Finalen
Øst Grøn – Rogaland 0-3 ( 17-21, 10-21, 17-21)
Dei to tidlegare åra har finalelaga bestått av Rogaland og Hordland, men ettersom Hordaland vart slått ut i kvartfinalen, vart finalen dette året mellom Rogaland og Øst Grønn.
Øst Grønn leverte ein solid kamp, og sjølv om settsiffera viser at Rogland hadde kontroll, var det perioder i kampen spesielt i tredje sett då laga kniva om poenga og låg lenge likt, før Rogaland fant ut at i år var tittelen deira. Laga leverte ein underhaldande kamp med god variasjon i angrep og hardt arbeid i forsvar.
GUTAR
På gutesida var det dei klart fire beste laga som gjekk vidare til semifinalane, etter 3-0 siger i kvartfinalane. Det var kun Møre og Romsdal gutane som gav Agder litt meir motstand i kvarfinalen der Agder vant 3-1.
Semifinalane var gode kampar der begge østlaga gjorde jobben og var klar for finale søndag.
Bronsefinale
Rogaland – Agder 1-3 (16-21, 21-14, 13-21, 5-21)
Bronsefinalen viste gutar som verkeleg ville vinne og likar å spele god volleyball. Agder hadde likevel full kontroll dei to siste setta og kan gratulerast som bronsevinnarar.
Finalen
Øst Grøn – Øst Rød 3-1 (21-11, 21-18, 17-21, 21-19)
Det vart ein rein region øst finale med gutar som kjenner kvarandre godt. Det er tydeleg at ei stor treningsgruppe med svært ivrige gutar gjev resultat og begge viste utruleg bra spel på høgt nivå. Ekstrem god rørsle og trening i å vere klar på neste ball gav oss mykje godt forsvarsarbeid og gode avslutningar. Ein underhaldande kamp med følelser utanpå gav nerver, glede og sorg i skjønn harmoni.


Medaljevinnere jenter
1. plass: Rogaland
2. plass: Øst Grønn
3. plass: Øst Rød
Medaljevinnere gutter
1. plass: Øst Grønn
2. plass: Øst Rød
3. plass: Agder




Resultater og lenker
Fullstendig kampoversikt og alle resultat frå NM Regionlag sandvolleyball på Randaberg finn ein i Profixio.
Bilder tatt av mesterskapet sin offisielle fotograf Ole-Andreas Bø finn du her Bilder
Hugs å krediter fotograf når ein bruker desse bilda.
Randaberg 24 har også bilder på si side – Randaberg24
Spelarane på regionlaga med meir finner du her på NM Regionlag
NVBF vil takke alle deltakende regionlag, regionstrenere og vertskapet Randaberg for sine viktige bidrag til å skape et super arrangement.





















