Bilde:alle deltakarane på regionlag 2021 Foto: Einar Juliebø 

NM REGIONLAG  U17 SANDVOLLEYBALL ER SNART I GANG

August 2021 var første gang alle regionane i NVBF deltok i NM Regionlag U17 sandvolleyball. Etter dei flotte opplevingane på NM i fjor, har vi sett med glede at 736 spelarar har deltatt på opne samlingar fordelt rundt omkring i landet, og 108 spelarar skal delta på NM Regionlag sandvolleyball 1.-3. juli 2022. Region Øst deltek med to lag i kvar klasse, resten av regionane deltek med eit lag, og totalt 18 lag er klare for meisterskapet.

NVBF har oppretta ei NM Regionlag sandvolleyball side, der alle troppane blir presentert. På sida finn ein også link til kampoppsett/resultat, samt link til stream i tillegg, program for arrangementet med meir.

Randaberg er teknisk arrangør for NM Regionlag, og dei stiller med splittert nytt anlegg med 4 baner. Dei siste dagane har mange dugnadstimar gått med til blant anna å slå ned over 6500 spikrar i dei nye tribunane, slik at alt er klart når opningsseremoni startar fredag 1. juli kl. 09. Lenge såg det ut til at flystreik skulle legge ein stoppar for ankomsten til nokre av laga, men pr dags dato så har vi gode forhåpningar om å få folk til Stavanger og Randaberg, så vil tida vise korleis det vert med returen på søndag.

Kvar region har med seg 6 spelarar, og spelemåten som vert brukt i turneringa er difor annleis enn det vi er vant med i sandvolleyball. Når to regionar møter kvarandre, vert det spelt noko som minner om ein 5-settskamp, der kvart sett går til 21 poeng. Frå sett til sett skal lagleiar bytte inn spelarane sine. Dei fire første setta skal spelast uansett, og ein kamp kan difor ende 4-0 eller 3-1. Etter fire sett skal alle spelarane på laget ha spelt minst eit sett. Dersom det står 2-2 etter fire sett, skal kampen verte avgjort med eit golden sett til 15 poeng. Då kan trenaren velje fritt blant spelarane kven som skal spele det siste settet.

NVBF ønskjer alle spelarar, trenarar, dommarar og arrangørar lykke til i meisterskapet!

Start typing and press Enter to search