Åpningsseremoni i Ålgårdhallen. Foto: Einar Juliebø

MEISTERSKAP NM U17

Etter planen skulle NM U17 vert gjennomført 25.-27. mars. På grunn av korona og restiksjonar, valde NVBF i samarbeid med arrangørklubb Gjesdal IL fra Ålgård i Rogaland å utsette NM U17 til helga 29. april – 1. mai, slik at sjansen for at meisterskapet ikkje kunne gjennomførast var minimal. Det er gledeleg å sjå at 24 jentelag og 24 gutelag, skal denne helga kjempe om ei god plassering, men også kjenne på meisterskapskjensla, spele mot nye motstandarar, vere nervøse, prestere under press, oppleve eksplosiv glede når ein vinn ein viktig ball, og kjenne på nedturen når kampen ikkje går heilt slik ein hadde tenkt.

Vi gleder oss over at flott volleyballungdom er samla på ein stad, og at mange foreldre har tatt turen til Ålgård. NVBF ønskjer deltakarar og arrangørklubb lykke til med helga.

Det vert streaming frå banene, og link til streaming finn du her.

Resultata kan du følge i profixio

Bilder tatt av Tomm Hansen, Einar Juliebø og Ole Andreas Bø legges ut på Gjesdal IL sin hjemmeside, her.

Foto: Lars K Aalgaard. finalelaga NM U17 2022, KSK – KFUM Volda

Start typing and press Enter to search