Kristiansand sandvolleyballklubb var vertskap for NM U17 10.-12. april. Lag frå alle regionane i landet har kvalifisert seg gjennom dei regionale meisterskapa, og her møtes dei beste U17 laga. Totalt deltok 24 jentelag og 24 gutelag saman med trenarar, støtteapparat og foreldre. Mange lag hadde med stor supportergjeng av foreldre og til saman var ein nærare 1000 volleyballinteresserte i Kristiansand denne helga.

Kristiansand gjennomførte meisterskapet i to hallar, Gimehallen med 6 baner og Badmintonhallen med 2 baner og gåavstand mellom hallane. Kampoppsettet var organisert slik det alle lag spelte kampar i Gimlehallen men at nokre av kampane den helga, måtte dei ta den korte spaserturen til Badmintonhallen.

På fredag vart turneringa offisielt opna med 48 lag samla i Gimlehallen til opningssermoni. På opningssermonien deltok ordførane frå Kristiansand, i tillegg til NVBF sin representant Camilla Skjelstad og leiar i KSK Tor Inge Askeland.

Nivået i NM har auka år for år, og allereie i puljespelet var det jamne og spennande kampar. Fredag ettermiddag vart dei vanskelege 16-delsfinalane spelt, der ein har krysspel mellom andre- og tredjeplass i puljane, og taparane forsvinner ned i spel om 17.-24. plass.

MyGame stilte med 4 kamera, slik at ein fekk streama frå fire av åtte baner. Dette gjer til at også dei som ikkje kunne ta turen i tillegg til besteforeldre, tanter/onkler og søksen kunne få følge med. På dei banene der det ikkje var streaming, vart det ført livepoeng i Profixo.

Gutar Kvartfinalar:

Gneist
BK Tromsø

KFUM Volda
Lier VBK

SK Rival
Kvernbit

Førde VBK
Austrått

Jenter kvartfinalane:

KFUM Volda
Førde VBK

BK Tromsø
Koll

KFUM Stavanger
SSK Skjetten

Gjesdal IL
Gneist

Laurdag ettermiddag vart semifinalane gjennomførte. Når ein er komen så langt som til semifinalen og gullet verkeleg er innan rekkevidde, legg spelarane alt i potten. Det viste seg gjennom spennande ballvekslingar og volleyball på høgt nivå.

Gutter Semifinalene:

Gneist
KFUM Volda

Kvernbit
Austrått

Jenter Semifinalene:

KFUM Volda
BK Tromsø

KFUM Stavanger
Gneist

I bronsefinalen mellom KFUM Volda og Kvernbit, viste begge lag at dei ville kjempe for å unngå den sure fjerdeplassen. Første settet vant Volda 25-21. På stillinga 15-14 i andre sett var ingenting avgjort, men KFUM Volda kom i siget og drog land andre settet 25-18, og dermed gjekk bronsemedaljen til Volda.

I bronsefinalen mellom BK Tromsø og Gneist vant BK Tromsø 2-0 og settsiffer 25-16 og 25-13. I denne kampen var BK Tromsø rett og slett best og kunne ta med seg bronsemedaljen tilbake til nord.

Så gjenstod berre finalekampane i NM U17. Arrangør KSK rigga til med publikumplasser rundt heile bane 1, slik at publikum kunne samle seg rundt finalistane.

Gutefinalen var først ut mellom Austrått og Gneist. Austrått kom best i gang. På stillinga 9-4 tok Gneist timeout, men Austrått vart i leiinga med  5 poeng eller meir resten av settet og vant til slutt 25-14.  Andre sett var litt meir jamnspel sjølv om Austrått låg i føringa mesteparten av settet. Dei slapp Gneist innpå på stillinga 16-14 og  21-19  men kampen endå 25-22 til Austrått som fornøgd kunne motta gullmedaljen av Camilla Skjelstad.

Jentefinalen stod mellom  KFUM Volda og KFUM Stavanger. Første sett var jamt fram til 5-5, men ei god serverekke frå KFUM Stavanger gjorde til at Stavanger gjekk i frå og såg seg aldri tilbake og vant settet  25-13. KFUM Stavanger hadde også kontroll på andre settet og vant settet 25-19. Dermed gjekk gullmedaljen til Rogaland dette året.

Gutar U17 Norgesmeister 2026

Gneist vs. Austrått: 0-2 (14-25, 22-25)

Jenter U17 Norgesmeister 2026

KFUM Volda vs. KFUM Stavanger: 0-2 (13-25, 19-25)

Medaljevinnarar Gutar U17:

1. Austrått
2. Gneist
3. KFUM Volda

Allstarlag Gutar:

Oppleggar: Jakob Kvamsø – Gneist
Diagonal: Isak Kvamme – GneistKant:  Martinius Spikkeland – AustråttKant: Kristian Lie-Østerbø – GneistMidt: Kristian Bjørnøy – AustråttMidt: Oscar Berg – Jardar
Libero: Sjur Aasgard – KvernbitMVP:  Mats Kaltveit – Austrått

Medaljevinnarar Jenter U17:

1. KFUM Stavanger
2. KFUM Volda
3. BK Tromsø

Allstarlag Jenter:

Oppleggar: Ingrid Humberset – KFUM Volda
Diagonal: Johanna Krane – KFUM StavangerKant: Edna Todorova – KFUM Volda
Kant: Pernille Fargervold – BK Tromsø
Midt: Natalie Sjo Jørgensen – KFUM StavangerMidt: Sofie Høiseth – KFUM StavangerLibero: Mia Lervik – KFUM StavangerMVP: Oda Elise Skarlund – KFUM Stavanger

NVBF ønskjer å takke alle spelarar, dommarar, tilskodarar og arrangør for eit flott meisterskap og ei helg full av fantastiske opplevingar. 

På vegne av Kristiansand Sandvolleyballklubb vil jeg rette en stor takk til alle som deltok under NM U17. Det har vært en glede å ønske dere velkommen, og vi håper at dere alle har hatt en positiv og minnerik opplevelse – både på og utenfor banen.

Vi vil spesielt takke spillerne for imponerende innsats, fair play og gode prestasjoner gjennom hele turneringen. Dere er fremtiden for norsk volleyball, og det er inspirerende å se engasjementet og nivået dere viser.

En stor takk går også til trenere, dommere, frivillige og samarbeidspartnere som har bidratt til å gjøre arrangementet mulig. Uten deres innsats og engasjement hadde ikke dette mesterskapet latt seg gjennomføre.

Vi håper dere sitter igjen med gode minner, nye erfaringer og kanskje også nye vennskap. Velkommen tilbake til Kristiansand ved en senere anledning!

Med vennlig hilsen
Sjur Kristiansen
Turneringsleder, Kristiansand Sandvolleyballklubb

Resultat og Bilete:

Fullstendig kampoversikt og alle resultat fra NM U17 2026 i Volda finn de i Profixio

Bilete fra fotografen til turneringa har KSK delt på heimesida.

Start typing and press Enter to search