Jentefinalen mellom arrangørklubb KFUM Volda og KFUM Stavanger.  Foto: Einar Juliebø

 

KFUM Volda var vertskap for NM U19 helga 13.–15. mars. Lag frå alle landets regionar hadde kvalifisert seg gjennom dei regionale meisterskapa, og for mange er nettopp NM høgdepunktet i klubbsesongen – der dei beste av dei beste møtest. Totalt deltok dei 24 beste jentelaga og dei 24 beste gutelaga, saman med trenarar, støtteapparat og foreldre. Til saman tok mellom 800 og 1000 volleyballinteresserte turen til Volda denne helga.

KFUM Volda hadde lagt til rette for flotte forhold i to hallar, Volda Campus Sparebanken 1 Arena og Ørstahallen. Med fire baner i begge hallane, spelte jentene på to baner og gutane på to baner i kvar hall.
Volda hadde organisert gratis shuffel mellom hallane, der ein hadde bussavgang kvar halvtime, og bussturen tok omlag 12 minutter. Dette fekk dei til ved hjelp av støtte frå Møre og Romsdals fylkeskommune og ei gåve frå Sparebanken 1 SMN.

På fredag vart turneringa offisielt opna med 48 lag samla i den flotte Volda Campus Sparebanken 1 Arena som er heimearena for arrangørklubben. På opningssermonien deltok ordførane frå både Volda og Ørsta, i tillegg til NVBF sin representant Hans Fredrik Nordhaug og turneringsleiar Matz Åsebø.

Nivået i NM har auka år for år, og allereie i puljespelet var det jamne og spennande kampar. Fredag ettermiddag vart dei vanskelege 16-delsfinalane spelt, der ein har krysspel mellom andre- og tredjeplass i puljane, og taparane forsvinner ned i spel om 17.-24. plass.

Media- og streamingansvarleg Arne Humberset hadde eit tett samarbeid med Høgskulen i Volda, der studentar deltok gjennom heile helga og produserte sendingar frå bane 2 og 3 i Volda Campus. I tillegg organiserte arrangøren streaming frå alle banene i samarbeid med MyGame – til stor glede for familiar og supportarar som følgde turneringa heimanfrå.

Åtte baner vart streama til ei kvar tid, og totalt 152 kampar vart sendt direkte gjennom helga. Det er imponerande kva arrangøren fekk til.

Foto: Erlend Krumsvik, Einar Juliebø og Jens Groven

Gutar Kvartfinalar:

Kristiansand Sandvolleyballklubb
Rossvoll VBK

Øksil
Oslo Sandvolleyballkubb

BK Tromsø
TIF Viking

KFUM Volda
Førde VBK

Jenter kvartfinalane:

KFUM Volda
Rossvoll VBK

Koll
Strand-Ulv

Haugesund vbk
BK Tromsø

KFUM Stavanger
Førde VBK

Laurdag ettermiddag vart semifinalane gjennomførte, og dei laga som hadde spelt seg heilt fram til dei, fekk spele i Volda Campus. Når ein er komen så langt som til semifinalen og gullet verkeleg er innan rekkevidde, legg spelarane alt i potten. Det vart vist både sterke ballvekslingar og volleyball på høgt nivå.

Under meisterskapet hadde KFUM Volda om lag 300 vakter på fire timar kvar – eit imponerande stykke dugnadsarbeid.

Gutter Semifinalene:

Øksil
Rossvoll VBK

BK Tromsø
Førde VBK

Jenter Semifinalene:

KFUM Volda
Strand-Ulv

Haugesund VBK
KFUM Stavanger

I bronsefinalen fekk ein eit reint nordnorsk oppgjer mellom Øksil og BK Tromsø. Første sett bølgja fram og tilbake, og laga følgde kvarandre heilt til døra før BK Tromsø klarte å avgjere settet med 26–24. Etter dette gjekk lufta litt ut av Øksil, og BK Tromsø tok kontroll over andre settet, som dei vann 25–18 – og dermed kunne dei sikre seg bronsemedaljen.

I den eine semifinala for jenter møttest finalelaga frå NM U17 i 2025; Strand-Ulv og KFUM Volda. Også denne gongen vart KFUM Volda for sterke. Dermed vart bronsefinalen eit vestlandsoppgjer der Strand-Ulv slo Haugesund 2-0, med settsiffer 25-19 og 25-21.

Så gjenstod berre finalekampane i turneringa. Arrangør KFUM Volda rigga om til stor bane og køyrde ut tribunar slik at publikum kunne samle seg rundt finalistane og få gode sitjeplassar med god utsikt over bana. Musikken runga i hallen, og stemninga steig – alt låg til rette for dei avgjerande finalane.

Gutefinalen var først ut, med Rossvoll VBK og Førde VBK – som begge har lag i 1. divisjon. Begge laga hadde ei livleg supportergjeng i ryggen i det første settet, og energien frå tribunen var merkbar. Sett­et var jamnspelt fram til midten, men då fekk Førde opp ein solid serverekke som gav dei det nødvendige forspranget. Første sett enda 19–25.

Etter sidebyte kom Førde best i gang og tok raskt kontroll over andre sett. Ei spektakulær redning av Sollid, som hoppa over to reklamevant for å halde ballen i spel, saman med presis leggfordeling, bidrog til at Førde også sikra sett nummer to med 18–25. Dermed kunne dei løfte hendene i vêret som vinnarar av guteklassen.

Foto: Einar Juliebø

Jentefinalen stod mellom heimelaget KFUM Volda og KFUM Stavanger. Heimelaget hadde mobilisert publikum med flagg og trommer, og stemninga i hallen var elektrisk. Første sett var jamt ei god stund, men frå midten tok Volda over og sleppte aldri taket.

I andre sett hang Stavanger godt med i starten, men også her vart Volda for sterke. Med stabilt spel og høg intensitet kunne dei sikre finaleseieren 2–0, med settsiffer 25–21 og 25–18.

På imponerande vis tok KFUM Volda dermed sin tredje (!) strake siger i NM U19 – ei prestasjon som verkeleg viser kva desse jentene er i stand til, gong etter gong.

 

Foto: Einar Juliebø

Gutar U19 Norgesmeister 2026

Førde VBK vs. Rossvoll VBK: 2-0 (25-19,25-18)

Jenter U19 Norgesmeister 2026

KFUM Volda vs. KFUM Stavanger: 2-0 (25-21, 25-18)

Medaljevinnarar Gutar U19:

1. Førde VBK
2. Rossvoll VBK
3. BK Tromsø

Allstarlag Gutar:

Oppleggar: Vetle Lyngstad – ØKSIL
Diagonal: Noa Damjan Cakic-Kristoffersen – BK TromsøKant:  Simon Håland – Rossvoll VBKKant: Sturla Nyhammer Myrhol – Førde VBKMidt: Håvard Keilen – KFUM VoldaMidt: Sjur Thingnes – Førde VBK
Libero: Ray Matsuoka – BK TromsøMVP:  Sturla Nyhammer Myrhol – Førde VBK

Foto: Einar Juliebø

Medaljevinnarar Jenter U19:

1. KFUM Volda
2. KFUM Stavanger
3. Strand-Ulv

Allstarlag Jenter:

Oppleggar: Ronja Kirketeig – Strand-Ulv
Diagonal: Liya Mlyakova – KFUM VoldaKant: Silje Vik – Strand-UlvKant: Edna Todorova – KFUM VoldaMidt: Synne Melle Lundberg – KFUM VoldaMidt: Andjela Radenovic – KFUM StavangerLibero: Kamilla Anonsen Kildebo – Halden VBKMVP: Edna Todorova – KFUM Volda

Foto: Einar Juliebø

NVBF ønskjer å takke alle spelarar, dommarar, tilskodarar og arrangør for eit flott meisterskap og ei helg full av fantastiske opplevingar. 

KFUM Volda Volleyball vil takke alle som har vært innom begge kamphallane denne helga. Spelarar, trenarar, dommarar, representantar frå forbund, publikum, foreldre, søsken og støtteapparat frå heile landet. Vi håpar de hadde det kjekt, det hadde iallefall vi.
Vi vil rette ein ekstra stor takk til alle dei frivillege frå klubben som har stilt opp for oss gjennom heile NM helga og som bidrog til eit vellykka NM for oss som arrangør.
Takk også til studentane og ansatte frå Høgskulen i Volda som jobba med streaming, og ikkje minst alle fotografane for gode bilder frå arrangementet.
KFUM Volda Volleyball
Turneringsleiar Matz Åsebø

 

Resultat og Bilete:

Fullstendig kampoversikt og alle resultat fra NM U19 2026 i Volda finn de i Profixio

Bilete fra fotografane til turneringa har KFUM Volda delt i denne mappa:
Bilete frå NM U19 2026

Bileta kan brukast fritt av spelarar og klubbar. All kommersiell bruk av bileta skal avtalast med fotografen på førehand. Dette gjelder ikkje ved omtale av NM U19 i aviser/media eller andre stadar.

Ved publisering eller annan bruk av bileta skal fotograf krediterast. Namnet på fotografen går fram av tittel over kvar seksjon med bilder.

Foto: Erlend Krumsvik

Start typing and press Enter to search