Gutefinalen mellom Førde VBK og KSK. Fotograf: Rune Fossum Lillesvangstu

Førde vbk var vertskap for NM U19 helga 14. til 16. mars. Lag frå alle regionar i landet kunne kvalifisere seg gjennom dei regionale mesterskapa. NM er for mange høgdepunktet på klubbsesongen der dei beste av dei beste møtast. 24 jentelag og 24 gutelag har kvalifisert seg til NM og saman med trenarar, støtteapparat og foreldre tok mellom 800-900 stk turen til Førde denne helga.

Førde hadde lagt til rette for flotte forhold i 2 haller, Øyrane Arena (3 baner) og Førdehuset (6 baner). Mellom hallane var det ein roleg 14 minutts gåtur, og både hotell og sentrum var 5 minutts gange frå Øyrane Arena.

På fredag vart turnernga offisielt opna med 48 lag samla i den flotte og nye Øyrane arena som er knytta opp mot Førde vgs. Her vart laga møtt av ordførar Jenny Følling, NVBF sin president Erik Sødahl og leiar i Førde vbk Thomas Østerbø.
Nivået i NM blir høgare og høgare, og ein fekk sjå mange intense kamper allereie i gruppespelet. Fredag ettermiddag vart dei vanskelege 16-delskampane spelt, der det var krysspel mellom andre og tredjeplass og tapar forsvinner ned i 17.-24. plass. 5 kampar på gutesida og 3 kampar på jentesida enda 2-1 denne fredags kvelden.

Med Oskar Raftevold som spelar på elitelaget til Førde i spissen, satte Førde vbk i samarbeid med MyGame i gang strømming frå banene. Plan A var å strømme alle finalane frå og med kvartfinalen pluss nokre kampar til, men når Oskar berre ser muligheiter og har eit sterkt ønskje om at alle lag uavhengig om dei kjem på første eller siste plass skal bli strømma i løpet av meisterskapet, så vart det umulige muleg.
På fredagen vart 62 av 64 kampar strømma, laurdag vart 61 av 64 kampar strømma medan søndag vart det større tekninske utfordringar slik at her vart det berre strømma dei siste kampane i meisterskapet.

Gutter Kvartfinalene:

Rossvoll VBK
Førde VBK
Austrått IL
Haugesund Volleyball
Koll IL
Øksil
Kristiansand Sandvolleyballklubb
TIF Viking

Jenter kvartfinalene:

KFUM Volda
Strand-Ulv
KFUM Stavanger
Kristiansand Sandvolleyballklubb
Vindafjord
Øksil
Førde VBK
Koll

Arrangør rigga om til storbane i Øyrane arena før semifinalane og alle 4 finalane gjekk etterkvarandre frå kl. 1600 laurdag og utover kvelden. Mange lag tok turen i arenaen på kvelden og dei oppunder 500 sitteplassane som arrangør hadde rigga til, vart fylt med unge, lovande volleyballspelarar som fekk sjå spennande oppgjer der laga fighta for å komme seg til den ettertrakta finalen.

Gutter Semifinalene:

Haugesund volleyball
Førde VBK
Koll IL
Kristiansand Sandvolleyballklubb

Jenter Semifinalene:

KFUM Volda
KFUM Stavanger
Vindafjord
Koll IL

I kampen om bronsefinalen slo jentene frå KFUM Stavanger  laget frå Koll 2-0 (25-20, 25-17) og kunne glede seg over bronsemedaljen.

Bronsefinalen gjekk mellom Koll og Haugesund der Koll vant bronsefinale i år også med settsiffer 2-0 (25-21, 25-15)

Så  gjenstod berre finalekampane i turneringa. Arrangør Førde vbk rigga om Elite+ oppsettet, køyrde fram endetribuna slik at publikumskapasiteten auka opp til 1000 sitteplasser. Musikken runger i hallen og alt var klart for finalekampane.

Ein starta med jentefinalen, der laga KFUM Volda og Vindafjord møttes til ein spennande og intens kamp der laga sine supportarar med flagg og heiarop gjorde alt frå sidelinja for å hjelpe sitt lag til seier. Både monsterblokk og «boom» for over anlegget, og publikum fekk sjå eit spennande førstesett der kampen bølga fram og tilbake før Vindafjord drog det i land med siffera 28-26. Etter dei to første setta stod det 1-1, og vi var like langt. I det siste settet viste det seg at KFUM Volda vart for sterke for motstander Vindafjord og laget frå Møre og Romsdal vant NM U19 for andre året på rad – sterkt! Settsiffer 2-1 (26-28, 25-23, 15-11)

Gutefinalen vart mellom heimelaget Førde VBK og Kristiansand sandvolleyballklubb. Heimelaget hadde mobilisert publikum og det satt supportarar i Førdeblå rundt heile bana. Førde starta godt og leda 16-9, og flesteparten i hallen trudde nok at Førde vant førstesettet, men KSK ville det annleis. Etter ei serverekke frå KSK og gode blokker, var forspranget forsvunne og settet enda 26-24 til KSK. Andre sette starta også jamnt men KSK var betre og vant til slutt 2-0 (26-24, 25-18)

Jenter U19 Norgesmeister 2025

KFUM Volda vs Vindafjord 2:1 (26-28 ; 25-23 ; 15-11)

Gutter U19 Norgesmeister 2025

Førde VBK vs. KSK : 0:2 (24-26; 18-25)

Medaljevinnarar Jenter U19:

1. KFUM VOLDA
2. VINDAFJORD
3. KFUM STAVANGER

Allstarlag Jenter:

Libero: Emma Lassesen – ØKSILKant:  Cathrine Hjeltnes -KFUM VoldaKant: Melina Mol – Vindafjord ILMidt: Ingrid Simonsen- KFUM VoldaMidt:  Nora Eliassen- Kolbotn Diagonal: Liya Mlyakova – KFUM VoldaOppleggar: Solveig Sunde – Vindafjord ILMVP:  Edna Todorova -KFUM Volda

Medaljevinnarar Gutter U19:

1. KSK (Kristiansand sandvolleyballklubb)
2. FØRDE
3. KOLL IL

Allstarlag Gutter:

Libero: Daniel Klopstad – Førde VBKKant: Conrad Spidsøe – Koll ILKant: Mikal Kalstad – Førde VBKMidt: Henrik Kaldheim – KSKMidt: Peder Semundstad – KSKDiagonal: Tobias Pedersen – KSKOppleggar: Magnus Hettervik – KSKMVP: Børge Undheim – KSK

NVBF ønskjer å takke alle spelarar, dommarar, tilskodarar og arrangør for eit flott meisterskap og ei helg full av fantastiske opplevingar. 

Førde VBK vil takke alle spelarar, trenarar, dommarar, funksjonærar, foreldre, tilskodarar og NVBF for ei herleg helg i Førde under NM U19.

Vi gledar oss over den nye Øyrane Arena som rommer 1000 tilskodarar og har ei flott og intim storbane, der ein kjem tett inn på kampane. I tillegg er det kort avstand mellom Førdehuset og Øyrane som gjer til at laga kan lett flytte seg mellom hallane.

Vi takkar alle dugnadsfolk, både store og små som har vert med å gjere dette til ein fest.

Sjølv om vi ikkje drog i land gullet i finalen, så er vi stolte av våre gutar som på lik linje med andre spelarar brukar mykje tid og krefter på volleyballen for å bli best mogleg. Vi gledar oss over «naboklubben» KFUM Volda som vant gullet andre året på rad.
Våre jenter hadde eit godt meisterskap og kom på ein fin 8. plass, dette lover godt.

 

Turneringsleiar – Sølvi Søgnen

Resultat og Bilete:

Fullstendig kampoversikt og alle resultat fra NM U19 2025 i Førde finn de i Profixio

Bilete fra fotografane til turneringa finn de her:
Bildealbum av Rune Fossum Lillesvangstu
Bildealbum av Oddmund Reisæter Haugen

Det ligger også bilete ute på facebooksida til Førde VBK

Start typing and press Enter to search