Finalistane i K40 Førde og Tambar under puiljekamp fredag. Foto: Eirik Molland
Førde VBK var vertskap for NM Veteran helga 30.-31. mai. Veteranar frå heile Norge tok turen til Førde for å spele volleyball og konkurrere med og mot gamle lagkamerater. Mange kaller dette for vårens vakraste eventyr der gamle kunster nok ein gong skal få skine.
Mesterskapet starta fredag med teknisk møte, innmarsj og så var mesterskapet i gang. Det vart spelt kampar utover heile fredagen og laurdagen før ein avslutta med bankett der ein fekk utdelt mesterskapsmedaljer og markering på antal år ein har deltatt i mesterskapet, 5 år, 10år osv.
Fredagen starta med kansellert fly frå Oslo til Førde, og neste fly landa på Sandane der ein del volleyballspelarar landa utan bagasjen sin. Dette medførte at ein måtte spele kampar til langt på kveld fredag, men med erfarne volleyballspelarar som har vert aktiv i volleyballnorge både som spelarar, trenarar med meir, viste laga smidigheit og forståing og saman fant ein gode løysingar på kampoppsettet slik at ein fekk gjennomført alle puljekampane fredag.
Laurdag starta ein med semifinlar før ein avslutta med finalar, og her vart det kamp om å komme til finalane. Hovudet ville til finalen, men kroppen spelte ikkje alltid på lag.
Medaljevinnarar Menn
M50:
1. Straen
2. Spirit Lørenskog
3. Lidingo SK
M40:
1. Dynamo
2. TIF Viking
3. Haugesund
M30:
1. Førde

Medaljevinnarar Damer:
K50:
1. IL Ivrig
2. Koll
3. IL Bergkameratene
K40:
1. Førde VBK
2. Tambarskjelvar
3. Haugesund
K30:
1. Oslo
2. IL Ivrig
3. NTNUI

Arrangør 2027:
Hønefoss vbk står klar til å arrangere NM Veteran 2027.
«Livet er kjekkare med volleyball»
Turneringsleiar Sølvi Søgnen



