Frå hausten 2026 er NVBF klare med ny trenarløype.
Tilbodet NVBF har hatt for trenarutdanning har blitt revidert og jobba med over tid, og i den nye trenarløypa er det gjort endringar i både format, struktur og innhald – med mål om å lage eit endå betre utdanningstilbod for norske trenarar, meir tilpassa den faktiske kvardagen til den typiske norske trenaren.
Det er også gjort endringar i kva krav til trenarkompetanse som skal gjelde for ulike nivå, med same mål, og korleis desse krava skal handhevast.
Les om dei viktigaste endringane her.
Grunntrenaren – nytt namn, oppdatert innhald
MiniTrenaren blir no til Grunntrenaren. Det er ikkje fordi kurset har blitt mindre viktig for dei som trenar born og unge, men fordi kjennskap til metodikken og måten vi kan organisere aktivitet på er eit grunnlag alle som trenar volleyball og sandvolleyball bør ha.
Innhaldet er revidert, der vi mellom anna har kopla saman Play to Learn av Kåre Mol i form av både e-læring og praktisk aktivitet i sjølve kurset, i tillegg til å ta vare på mykje av den fine aktiviteten ein tidlegare har hatt.
Kurset varar i seks timar, handlar om konkret og praktisk aktivitet i hallen eller i sanda, og følgjer ei oppskrift som gjer at vi sikrar kontinuitet i levering av innhaldet uavhengig av kven som held kurset. Oppskrifta inneheld video som viser dei ulike aktivitetane ein skal gjennom, og når kurset er ferdig får også deltakarane tilsendt ei oppsummering med dei same videoane. På den måten håpar vi å legge til rette for at det blir endå enklare å kunne bruke innhaldet i sin kvardag.
Grunntrenaren har ingen digital teoretisk undervisning, slik som trenar 1 og 2, men har eit sett med e-læringsmodular som må takast som ein del av kurset.
Grunntrenaren er no ein eigen kompetanse, men samstundes første del av Trenar 1. Klubbar som utdannar eigne trenarutviklarar kan gjennomføre kurset i klubb – noko NVBF ønskjer å leggje til rette for i større grad framover. Det vil vere fleksibelt og praktisk for alle partar – les meir om denne moglegheita lengre nede.
Trenar 1 – fysisk helg og digital teori
Trenar 1 går no ned til ei helg – to dagar – med fysisk oppmøte. Dersom ein har Grunntrenaren frå før, så vil det kun vere laurdag og søndag. Dersom ikkje, så vil vi også tilby helger med trenar 1 inkludert Grunntrenaren, som startar på fredag ettermiddag for dei som treng det, før ein koplar på resten laurdag føremiddag.
Digital teori blir levert over to kveldar på fire timar, og her kan ein velge om det er noko ein ønskjer å ta i forkant eller etterkant av det fysiske kurset, og det vil vere fleire anledningar i løpet av sesongen til å gjere dette. Det samme gjeld e-læringsmodulane. Uavhengig av kva rekkefølge ein vel å gjere dette i, så må alt fullførast før ein får kompetansen.
På same måte som Grunntrenaren, så er også innhaldet i trenar 1 revidert og bygd opp etter ei oppskrift med tilhøyrande video av aktivitet, som deltakarane får tilsendt og tilgang til.
Trenar 2 – to kurshelger, men no sentralisert
Trenar 2 vil framleis innehalde to helger med praktisk aktivitet, men blir redusert frå seks til fire kursdagar. Teorien blir levert digitalt over to kveldar.
Som for Grunntrenaren og trenar 1, så følgjer også trenar 2 ei oppskrift med video og informasjon som deltakarane får i etterkant av kurs.
Den digitale teorien for trenar 2 er totalt på seks timar, som blir fordelt over to kveldar i forkant av første fysiske helg. Denne teorien vil vere meir spesifikt retta mot trenargjerninga i volleyball og sandvolleyball enn i trenar 1, som er meir generell. Noko e-læring kjem i tillegg.
Sentralisert i Oslo
Den regionale gjennomføringa har dei siste åra vore krevjande: små grupper, kansellerte kurs og låg stabilitet. For å sikre eit robust og likt tilbod samlast alle deltakarar til felles kurshelger i Oslo. med start og slutt slik at det skal vere mogleg å reise inn laurdag morgon og tilbake søndag kveld. NVBF har særs god erfaring med felles gjennomføring i Oslo, der ein nyttar to trenarutviklarar som held kurset saman.
Dette betyr:
- større og meir stabile grupper
- to trenerutviklarar på alle kurs
- betre kvalitet og meir effektiv gjennomføring
- mogleg å reise inn laurdag og heim søndag
Sjølv om vi alltid prøvar å legge kurs på fornuftige plassar i terminlista i forhold til dei som har trenar 2 som kompetansekrav, så skjønar vi at felles og sentralisert gjennomføring kan by på utfordringar. Dersom klubbar eller regionar ser behov for trenar 2 i sine områder, og kan stille med åtte eller fleire deltakarar, så kan ein ta kontakt med NVBF for at vi saman kan sjå på moglegheita for å gjere det som eit tilleggstilbod til kursa ein held nasjonalt.
Trenar 3
Trenar 3 vil framleis gjennomførast annankvart år, og i sesongen 2025/2026 er tretten deltakarar ein del av dette kurset hos NVBF.
Sesongen 2026/2027 vil vere eit pauseår, før ein i 2027/2028 vil starte opp med eit nytt kull.
For trenar 3 i framtida vil strukturen i programmet vere om lag den same som tidlegare, med aktivitet gjennom ein heil sesong i ei blanding av fysiske og digitale samlingar. Samstundes jobbar vi no med justeringar i innhald, som i utgangspunktet vil vere retta mot dei som har trenar 3 som kompetansekrav.
Meir informasjon om kva justeringar vi ser føre oss for neste kull, som har oppstart hausten 2027, kjem i løpet av hausten 2026.
Trenarutviklarar i klubb
NVBF har eit stort ønskje om å gjere trenarutdanning betre og meir tilgjengeleg for klubbar i heile Noreg. Samstundes vil det alltid vere vanskeleg å tilby nok kurs, på tider som passar i kvardagane til norske trenarar. Difor kjem vi dei neste åra til å satse på å tilby nasjonale trenarutviklarkurs, der klubbar kan sende kandidatar som får innføring i å halde kurs i sin klubb. Då vil klubbar kunne halde gode kurs i sin eigen kvardag, i eit fleksibelt format og tidsrom, på same tid som ein følgjer dei vanlege oppskriftene for kurset. Kursa ein held i klubb med klubben sin eigen trenarutviklar vil i tillegg vere gratis for klubben og deltakarane, dersom klubben ønskjer det. Dette vil gjelde nivåa Grunntrenaren og trenar 1.
For Grunntrenaren har vi allereie køyrt ei slik runde, og dei første kursa i klubb er gjennomført. Å ha ein trenarutviklar for dette nivået vil vere praktisk og aktuelt for mange klubbar, uavhengig av storleik og nivå. NVBF ønskjer å halde kurs for dette nivået ein til to gonger i året, og vurdere behovet etterkvart som åra går. I 2026 vil NVBF arrangere dette kurset 24. – 25. april, og i september.
For trenar 1, så vil vi køyre første runde med nasjonalt trenarutviklarkurs i september 2026. Å ha ein eigen trenarutviklar for trenar 1 er nok ikkje like viktig for alle klubbar, og krev noko meir av til dømes omfang og erfaring for trenarutviklaren i gjennomføringa av kurset. Men, det er sjølvsagt mogleg for alle – og det vil vere særleg praktisk for klubbar med stor aktivitet. NVBF ønskjer å halde kurs for dette nivået ein gong i året, og vurdere behovet etterkvart som åra går.
For nasjonalt trenarutviklarkurs, der klubbar kan utdanne sine eigne trenarutviklarar, så vil NVBF vere med på å subsidiere reise for deltakarane, for å gjere dette så rimeleg vi klarar. Desse kursa vil som utgangspunkt bli haldne i Oslo. Sjølv om vi forstår at det er ei reise og ei kurshelg som må planleggast for og gjennomførast, så kan det vere verdt å minne om dei gode moglegheitene det vil skape for utdanning i ein klubb på lang sikt.
Har du starta på utdanning i gamal trenarløype?
Dersom du tidlegare har teke nokre, men ikkje alle modulane i den gamle trenarløypa, kan du få tilpassa kva du må gjennomføre i den nye.
Noverande kompetanse som ligg registrert i Min Idrett blir endra frå gamal til ny kompetanse. Det er difor viktig at du sjekkar at trenarkompetansen din framleis er gyldig.
Fleire detaljar kan du lese på Trenerløypa – Norges Volleyballforbund
Endringar i krav til trenarkompetanse
NVBF har gjort ei justering av kva krav til trenarkompetanse ein skal ha på dei ulike nivåa i volleyball, som no er vedteke av Forbundsstyret. Her er ei oversikt over kva krav som blir gjeldande frå sesongen 2026-2027:
- Mini/Teen + 3. divisjon og nedover: Grunntrenaren
- U15/U17 + 2. divisjon: Trenar 1
- U19 + 1. divisjon: Trenar 2
- Mizunoligaen: Trenar 3
Den endringa som vil vere merkbar for flest, er at kompetansekravet for både U15 og U17 blir trenar 1, der tidlegare U17 hadde trenar 2 som krav. Kravet om trenar 2 vil no altså ikkje gjelde før U19. Det trur vi er ei fornuftig justering, som kan gjere det meir realistisk for fleire å faktisk kunne ta trenar 2 i det tidsrommet – eit kurs som er meir krevjande og omfangsrikt reint praktisk enn trenar 1. Som skildra tidlegare, er både trenar 1 og 2 delt opp i ulike modular, der ein kan ta utdanninga i fleire delar og over lengre tid, dersom ein ønskjer det.
Det er også verdt å merke seg at vi i framtida i utgangspunktet ikkje skil mellom US og junior-NM i dei ulike aldrane når det gjeld krav til trenarkompetanse – dei blir like. Men, løysingane blir ulike for korleis vi sjekkar dette:
- For US, så er målet i framtida at ein klubb må ha ein trenar med til dømes kompetanse som trenar 1 for å kunne melde på lag til U15 eller U17 i dei digitale systema. Det kan vere den samme trenaren som står registrert på fleire lag, og mest truleg vil den trenaren faktisk vere med eit eller fleire av laga på turneringa eller seriespelet. Målet er ikkje å sjekke kven som står på sidelinja til ei kvar tid, eller å hindre til dømes foreldre som endå ikkje har den formelle kompetansen frå å bidra når fleire lag spelar samstundes – men at ein klubb som kanskje ikkje har nokon med formell trenarkompetanse, faktisk får ein. For dei aller fleste klubbar vil dette vere heilt uproblematisk.
- NB! Dei digitale systema som NVBF nyttar for påmelding er per dags dato ikkje slik at denne løysinga er teknisk mogleg for påmelding til US-runder. Det vil altså ikkje vere aktuelt med ei slik ordning for sesongen 2026/2027. Poenget med å skrive dette allereie no, er å informere om at det er noko som NVBF ønskjer å få til i framtida – og når det er ei aktuell løysing vil det bli kommunisert ut i god tid slik at ein kan førebu seg som klubb.
- For junior-NM i volleyball, så må trenaren som er registrert ved påmelding ha riktig kompetanse for aldersklassen, slik som i dag. Her må trenaren som er registrert ved påmelding også vere den som faktisk leiar laget. NVBF gjer manuell sjekk ved påmelding til junior-NM, og dersom trenaren ikkje har kompetansen som aldersklassen krev, eller ikkje er i utdanningsløpet for å få den kompetansen i den gjeldande sesongen, så vil klubben måtte betale eit tillegg i påmeldingsavgifta for å kunne delta med trenaren som ikkje har kompetanse på sidelinja. Den løysinga kan klubben kun bruke ein gong, og dersom klubben til dømes kjem til junior-NM året etter i same situasjon, så vil ein ikkje kunne melde på lag.
- For Mizunoliga (trenar 3) og 1. divisjon (trenar 2) vil det samme vere gjeldande ved påmelding. Dersom trenarar på desse nivåa har utdanning frå andre nasjonar, så vil NVBF gjere ei individuelle vurderingar på kva nivå vi plasserer desse på i NVBF si trenarløype.
Handheving av krav til trenarkompetanse ved påmelding til Mizunoliga, 1. divisjon og junior-NM i volleyball
Den store forskjellen frå tidlegare år, er at NVBF faktisk vil handheve dei krava til trenarkompetanse som gjeld, og at vi ikkje gir dispensasjonar. Ved påmelding til dei aktuelle konkurransane må ein anten ha kompetansen som krevst, eller vere i utdanningsløpet for å få kompetansen i den gjeldande sesongen. Sjekk blir gjort manuelt frå sesongen 2026-2027, og vil gjelde junior-NM i volleyball (U15, U17 og U19), 1. divisjon og Mizunoligaen. Forbundsstyret har vedteke at denne handhevinga skal gjerast manuelt av administrasjonen, og følgjande økonomiske tillegg til påmeldingsavgift vil gjelde for dei ulike nivåa:
- Trenar 1 (NM U15/U17) kr. 4400
o Info: Kursavgift er kr. 2400
- Trenar 2 (NM U19 og 1. divisjon) kr. 5000
o Info: Kursavgift er kr. 3000
- Trenar 3 (Mizunoligaen) kr. 7000
o Info: Kursavgift er kr. 5000
For deltaking utan trenarkompetanse i desse konkurransane, så vil ein altså måtte betale ein sum tilsvarande påmeldingsavgifta til kurset på det aktuelle nivået, pluss eit påslag på kr. 2000. Denne løysinga kan klubben kun nytte ein gong, og dersom klubben til dømes kjem til junior-NM året etter i same situasjon, så vil ein ikkje kunne melde på lag.
NVBF og Forbundsstyret har over tid diskutert om krav til trenarkompetanse er noko som kun skal vere rettleiande, eller om dei faktisk skal handhevast. Vi trur at det er best for heilskapen i norsk volleyball at krava faktisk blir handheva, og vi ser at utan ei systematisk tilnærming til dette er vanskeleg å få den effekten ein ønskjer. Effekten er forhåpentligvis at endå fleire trenarar får eit godt grunnlag til å skape god aktivitet på ulike nivå i både trening og konkurranse.
Digitale læringsløp – slik at ein enkelt får oversikt over utdanninga si, og har fleksibilitet i gjennomføring
Alle trenarutdanningar NVBF tilbyr vil bli lagt inn i NIF sine digitale læringsløp.
Det vil seie at når du melder deg på til dømes trenar 1, så vil ein i læringsløpet sitt for trenar 1 enkelt få oversikt over alt ein skal gjere i utdanninga – det fysiske kurset ein skal ta, digital teori, e-læringar, bekreftelse på fullført praksis med meir. Ein vil kunne sjå kva ein har fullført, og kva ein manglar.
Utdanningane vil vere delt i modular som tidlegare, og vil då gje gode moglegheiter til å velge kva rekkefølge ein tek utdanninga i, og om ein ønskjer å ta den over lengre tid.
Slutt på overgangskurs – mogleg med tilpassing for nokre utvalde grupper
Frå og med sesongen 2026/2027 vil NVBF ikkje lenger tilby overgangskurs som ein del utdanningstilbodet for trenarar.
Overgangskurs har vore ein praksis hos NVBF sidan forrige revidering av trenarløypa i 2013, og målet var å ha eit midlertidig tilbod for å plassere dei med kompetanse frå før omlegginga i 2013, då det var relativt stor forskjell i innhaldet etter omlegginga. Tretten år seinare ser vi at behovet er sterkt redusert, og i samband med ny trenarløype frå hausten 2026, så er tida inne for å rive av det plasteret.
Utgangspunktet for framtida er altså at ein må ta vanlege kurs for å få kompetansen ein treng. Dei einaste unntaka vi gjer er følgjande:
- Dei som tek bachelor- eller mastergrad i idrett/kroppsøving, med volleyball eller sandvolleyball som ein del av utdanninga, kan søke om å få kompetanse som trenar 2, så lenge ein har teke Grunntrenaren.
- Dei som har spelt offisielle kampar for seniorlandslag i volleyball eller sandvolleyball kan søke om å få kompetanse som trenar 2, så lenge ein har teke Grunntrenaren.
- Dei som har trenarutdanning i volleyball eller sandvolleyball frå andre nasjonar kan ved søknad få ei individuell vurdering på korleis den kompetansen kan oversetjast til NVBF si trenarløype, så lenge ein har teke Grunntrenaren.
Les meir på informasjonssida vår
På volleyball.no finn du ei samla, oversiktleg side som forklarer heile den nye trenarløypa, modulstrukturen og dei ulike nivåa.



