Sesongen 2022/23 var eit eventyr for tradisjonsrike ØKSIL frå Myre i Vesterålen. Både dame- og herrelaget vann 1.divisjon overlegent, og er no klare for spel på det aller øverste nivået. Så spørs det, vil eventyret halde fram i år også?
Mang ein blokk- og forsvarsspelar hadde nok håpa dei var «kvitt» hardtslåande spelarar som Ragni Steen Knudsen og Mathias Loftesnes, men no er dei to tidlegare utanlandsproffane begge tilbake i Mizunoligaen. Dei var sentrale spelarar i ØKSIL sine opprykk i fjor, og er nok veldig spente på korleis det blir å møte ei litt høgare blokk denne sesongen. Damelaget starter mot ein annan klubb som har skapt store eventyr og overskrifter dei siste åra, når dei møter Lierne på bortebane. Viktige spelarar som Arjola Prenga og Maren Moe er borte frå fjoråret, når Lierne starter jakta på å forsvare fjorårets 6.plass. Men laget frå fjellbygda er klare for å skape nye minner og bragder i år, og første hinder er altså eit nyopprykka og svoltent ØKSIL! Få gløymer vel sigeren mot Koll i fjorårssesongen framfor ein fullsatt Liernehall, då Lierne verkeleg viste at dei er blitt eit Mizunoligalag å rene med.
Mathias Loftesnes, Isak Helland-Hansen og dei andre ØKSIL-herrene har ei tøff opningshelg framfor seg. Dei møter heimesterke NTNUI i Trondheim på laurdagen, og er klare for å ryste det etablerte eliteserielaget. Og søndagens kamp mot Koll i hovudstaden blir nok ei enda større utfordring, og ein verkeleg test på om ØKSIL er klare for det som møter dei i toppserien!
ØKSIL spelar sine første heimekampar 7.oktober. Damelaget mot Oslo Volley og herrelaget mot Randaberg. Vi ser fram til liv, røre og stinn brakke i Øksneshallen!
Elles er det verd å merke seg at vi allereie i opningsrunda har eit oppgjør mellom dei to beste laga i dameserien frå i fjor, når Randaberg møter Koll heime. Randaberg vann både grunnserie og sluttspel i fjor, og er store favoritter til å gjenta bragda. Kan eit Koll-lag med ein del nye spelarar stikke kjepper i hjula for dei? Kor stort blir savnet av den viktige diagonalspelaren Tuva Aarrestad for Randaberg?
Viking blei stadig betre gjennom fjoråret, og enda til slutt opp med bronsemedaljene. No satser dei på seks poeng og ein drøymestart på den nye sesongen, når dei spelar borte mot både Førde og Volda. Ei ekstra spesiell helg blir det nok for Jenny Juliebø og Johanna Bø, to sunnmøringar som gjekk frå Førde til Viking før sesongen, og attpåtil har begge spelt i Volda!
På herresida er klassikaren Førde-Viking, direktesendt på TV 2 Sport fredag kveld, sjølvsagt i fokus. Desse laga har vore garantistar for underhaldande, jamne og gode kampar dei seinaste åra, og forventingane er store også til årets kampar. Førde har mista Eivind Hettervik, kåra til årets oppleggar to år på rad, men har henta ei rekke unge spelarar frå TVN og oppleggaren Ole-Jakob Halgunset frå Koll. Viking har mista bærebjelkar som Kristian Bjelland og Sverre Flåskjær, men har også styrka seg med nye spelarar. Kampen verkar vanskelegare å spå enn på lenge, men kanskje kan resultatet frå oppkøyringsturneringa i Volda vere ein indikasjon?
Mista viktige spelarar har også Torvastad. Korleis vil dei klare seg utan si store stjerne frå fjoråret, Oskar Espeland? Hans proffkontrakt i Polen etterlater fleire spørsmål rundt laget som blei nummer sju i ein rekordjamn Mizunoliga i fjor. Det kan godt tenkast at alle poeng vil telle i år også, og da vil opningskampen mot Tromsø verkeleg kunne vere ein nøkkelkamp! Tromsø har på si side fått eitt år til med erfaring for sitt unge lag, som tok store steg i løpet av fjoråret. Får vi sjå dei blande seg inn i seriøs medaljekamp allereie i år?
Bilder er hentet fra Øksil sin Facebookside.