I samband med utarbeidinga av ei ny og revidert trenarløype, som etter planen skal starte frå hausten 2026, har NVBF gleda av å invitere til nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren 6. – 7. desember 2025 på NIH i Oslo.

Målet med dette kurset er å gje klubbar moglegheita til å utdanne sine eigne trenarutviklarar, som kan halde MiniTrenaren for medlemmer i eigen klubb – og skape moglegheiter for både klubb og trenarutviklar til å kunne bidra tilsvarande til andre klubbar i nærmiljøet.

Med ein eigen trenarutviklar vil klubben kunne halde kurset MiniTrenaren på ein måte som er fleksibel, og som gjev mange moglegheiter i den kvardagen klubben faktisk har. NVBF lagar eit godt kurs for trenarutviklaren, inkludert ei påfølgjande god oppskrift på korleis ein heilt konkret skal gjennomføre kurs i klubb, og med ein pakke digitale hjelpemiddel for å sikre at ein enkelt har det ein treng i etterkant av kurs – både for den som skal halde kurset, og for dei som er deltakarar.

Kvifor?
I dagens ordning, så vil ein typisk vere avhengig av å anten reise på NVBF sine kurs for å ta MiniTrenaren, eller invitere ein av NVBF sine trenarutviklarar til seg. Sjølv om gjennomføringa kan bli god, vil ein ofte vere avgrensa til helger, avhengig av at trenarutviklar med anna jobb har tid, måtte ta omsyn til reiseavstand og kostnader, eller anna – og ikkje minst ein allereie travel sesong. Med sin eigen trenarutviklar vil klubben kunne organisere MiniTrenaren heilt sjølv – på den måten som passar klubben best – innanfor ei tidsramme på ein månad. Vi har mange dyktige trenarar rundt om i norske klubbar som ved kursing til å følgje same mal for gjennomføring kjem til å gjere ein strålande jobb i sin klubb og sitt nærmiljø.

Kursgjennomføring
Les fleire detaljar om kurshelga, gjennomføringa av kurs i klubb, og vegen vidare for deg som trenarutviklar for MiniTrenaren her: https://volleyball.no/wp-content/uploads/2025/10/minitrenaren-praktisk-helg.pdf

Meir informasjon om heile den nye trenarløypa kjem i god tid før oppstart, både med informasjon om format og innhald, og korleis vi gjer det med dei som er halvvegs i den løypa vi har i dag. Det overordna målet vil vere eit produkt som blir enklare å gjennomføre reint praktisk, meir konkret innhald i forhold til å faktisk kunne skape endring i kvardagen som trenar, og ein betre samanheng på tvers av kurs og nivå.

Vi oppfordrar klubbar til å få sine aktuelle kandidatar til nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren 6. – 7. desember 2025 til å melde seg på via denne lenka:

Frist for påmelding er fredag 22. november. NVBF tar kjapt kontakt med dei aktuelle klubbane som har kandidatar påmeldt når påmeldingsfristen går ut, slik at ein kan sikre at det er ein kandidat som klubben ønskjer. Vi set eit tak på 30 stk i denne omgang – og vil vurdere ei ny runde i april 2026 dersom det er stor interesse. Deltakaravgifta er kr. 500, og det er først og fremst for å kunne bidra med ei god reiseutjamning til dei som reiser langt. NVBF ønskjer ikkje at reisekostnader skal vere avgjerande for deltaking, og vil også bidra økonomisk sjølve til det.

Informasjonsmøte
Fredag 7. november frå 11:30-12:00 arrangerer vi eit kort digitalt informasjonsmøte med Bendik Gabriel Huus og Eivind Rudaa frå NVBF om både kurshelga og tankane bak kurset, og her blir det moglegheit til å stille spørsmål for dei som ønskjer.
Bli med i møtet her.

Vi gler oss til å sjå deg og din klubb på nasjonalt trenarutviklarkurs for MiniTrenaren!

Start typing and press Enter to search