Fekk du med deg resultatet av kampane i helga, les samandrag her.

I helgas elitekampar på herresida møtte TIF Viking eit godt NTNUI lag som spelte med høgt tenningnivå og gjekk seirande ut av mange duellar, og Trondheimslaget vant til slutt 3-1. Spenninga var stor om laget kunne gjere det like godt mot Førde, men denne dagen hadde dei ikkje nivået inn og Førde kunne gjennom godt og variert spel både i forsvar og angrep med Oskar Raftevold i storform, dra i land ein 3-0 seier. Koll møtte Randaberg, og tok ein oppskriftsmessing 3-0 seier og leder tabellen klart. Randaberg vant mot Asker og fekk med seg 3 poeng derifrå.

Elitelaget til Randaberg damer tok turen til KFUM Volda der dei vant til slutt 3-1 men låg bak i nokre av setta. Dei sette inn ein sluttspurt og drog i land sigeren. I Førde var heimelaget i storform og spelte med høgt energinivå, gode blokker og ein presis opplegger som gjorde til at Førde gjekk sigrande ut med 3-1 seier og full pott. Både BK Tromsø og Koll hadde full pott før helgas seirerunde, men sjølv med Ragni Steen Knudsen i storform med 21 poeng i kampen, så gjekk Koll sigrande ut med resultatet 3-1. Det tidlegare storlaget Oslo Volley sleit mot BK Tromsø og gjekk på eit tap 3-0

NTNUI 2 hadde ei innhaldsfull helg for 1. divisjon i Bergen. Med 3 kampar på 3 dagar, så vart resultatet to sigrar og eit tap. Medan elitelaget til NTNUI slo TIF Viking, så var det 1. divisjonslaget til TIF Viking som tok sigeren i møtet med NTNUI 2. Askim møtte Førde på heimebane, og med alle moglegheiter til å reise heim med 3-0 i bagasjen, så vart det berykta 3.settet ei utfordring og brått vart det kamp igjen. Til slutt drog den unge Førdelaget i land 3-2, og Askim gjekk på sitt første tap i år. I Rogaland vart lokaloppgjeret mellom Sandes og TVN, der TVN gav Sandnes god motstand både i første og andre settet, men Sandnes drog i land oppgjeret 3-1.

Lokaloppgjeret mellom OSI og Koll 2 i 1. div damer vart akkurat så tett og spennande som forventa. Kampen gjekk heilt til eit 5. sett, der OSI drog i land sigeren med 17- 15. NTNUI som rykka ned frå elite i fjor fekk Bergenslaga der dei ville, og fekk full pott mot BSI og TIF Viking. NTNUI ligg no på tabelltoppen med 5 kampar spelt, 4 sigrar og eit tap, medan OSI er rett bak med 3 kampar spelt og siger i alle.

Foto: Einar Juliebø

 

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search