Foto: Jon Terje Fossland

Det regionale dommarseminaret i Trøndelag vart ein stor suksess måndag 30.oktober! 19 deltakarar samla seg til tre timar med læring, refleksjon og diskusjonar i Stjørdalshallen, og vi fekk mange gode innlegg og gruppediskusjonar! I tillegg var seminaret ein god sjanse til å bli betre kjent på tvers av klubbar og dommargrader. Fokus i år låg på å bli tryggare i dommarrolla og på at det er eit godt apparat rundt deg

Vegen frå ny dommar 1 til internasjonal dommarEllen Mari Burheim er ein av fire internasjonale dommarar i volleyball frå Noreg. Ho fortalte om si reise frå Dommar 1 til toppnivå, utfordringar ho har møtt undervegs, og læringspunkter. Ho fekk gode spørsmål frå salen, og vektla kor mange trivelege menneske ho har møtt gjennom volleyballen – og også at det også som dommar krevst eigeninnsats for å nå langt. Ellen Mari har dømt sju cupfinalar i Noreg og fått prisen som årets dommar tre gongar, i innlegget fortalte ho også om den gongen ho dømte europacupkamp med politivakthald i hallen og livlege tyrkiske bortefans!

Foto: Jon Terje Fossland

«Make it happen» i hallenNoko av det som er vanskelegast som ny dommar er å ta tak i ting i hallen, sørge for at manglar blir korrigert og at kampen kjem i gong. Dette kan vere utstyr som manglar, nett som er satt opp feil eller funksjonærar som må lærast opp. Ingar Norvik heldt eit godt innlegg med tips og triks til korleis samarbeide med arrangørklubb for å sikre gode rammer rundt kampen, og å sørge for at kampen kjem i gang til rett tid. Han vektla også viktigheten av sørge for tryggleiken til spelarar, ved å ta tak i ting som vannsøl, «lokk» som ligg ved stolpane eller klede som ligg rundt benken.GruppediskusjonarDeltakarane vart så delt inn i fem grupper på tvers av erfaring og klubb, der dei fekk sjansen til å fortelje om nokre av sine eigne erfaringar frå dommargjerninga. Både gode og dårlege erfaringar blei delt, og det blei drøfta i gruppene korleis ein både kan handsame uønskte situasjonar, og korleis ein kan arbeide proaktivt for å unngå at dei oppstår. Dei meir erfarne dommarane delte også sine tips om korleis konkrete situasjonar kan handsamast på ein smidig og rettferdig måte.

Foto: Frederik Dahl/Hamistolen

SanksjonarMange nye dommarar har veldig ofte spørsmål om korleis sanksjonar fungerer. Jon-Erik Vollan, som er eliteseriedommar innandørs og internasjonal dommar i sandvolleyball, tok ein grundig gjennomgang av sanksjonsreglementet og korleis ulike hendingar skal kategoriserast innanfor sanksjonsskalaen. Han snakka også om dommaren si rolle i å arbeide saman med laga for å unngå å nå sanksjonsnivået. Både fløytebruk og i siste instans gule kort er gode verkemiddel for å unngå sanksjonsnivået, og gjennom innlegget og påfølgande diskusjon vart det ufarleggjort litt å gi gult kort når det er på sin plass, som er ein høg terskel for veldig mange nye dommarar. Fokus låg likevel primært på korleis dommaren kan vere proaktiv, og hindre at det blir naudsynt med sanksjonar.Sandvolleyball og Fair PlayJon-Erik ga også ein kort introduksjon til det å vere sandvolleyballdommar og det gode fellesskapet ein opplever som sandvolleyballdommar. Diverre er det ganske få kampar for sandvolleyballdommarar på regionalt nivå, så dette er eit område der vi har ein veg å gå.  Leiar av regional dommarkomite, Vegard Buset, orienterte om fokuset på Fair Play i årets sesong. Han ga ein introduksjon til kva dommarane skal gjere viss dei opplever unfair play og/eller ubehagelege situasjonar, og gjorde det klart at saker med uakseptabel oppførsel vil bli følgt opp av enten dommarkomiteen eller administrasjonen, og i eventuelle grove tilfelle bli vidaresendt til sanksjonsutvalet.

Foto: NTNUI Blits

Dommar 2-prosjektet

Hannah Aarønes og Frida Aune fortalte om sitt første år i Dommar 2-prosjektet. Dei har fått mykje oppfølging, tillit og kamptrening med observatørar, og rikeleg med sjans til å utfordre seg i stadig vanskelegare kampar. Begge to dømte i NM U16, U17 og U19 i fjor, og fekk ansvaret for kvar sin finalekamp i U17-NM. I haust har begge debutert i 1.divisjon saman med erfarne dommarar, og oppfølginga er framleis tett. I tillegg trekte dei fram kor mange nye og trivelege menneske og frivillige dei eller blitt kjent med gjennom prosjektet, og tilrådde sterkt lærevillige Dommar 2 å søke om å få delta i prosjektet komande sesong.

Det deltok 19 dommarar på seminaret. Dommarane kom frå seks ulike klubbar.Dommar 1: 5Dommar 2: 8Dommar 3: 6Regionalt DK er trygg på at seminaret bidrog til ein inspirerande start på sesongen for dommarane våre, og også til viktig kunnskapsdeling og læring.

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search