I Trøndelag gjentok dei sitt regionale dommarseminar måndag 18.november i regi av regional dommerkomite.
I år deltok 13 dommarar frå Steinkjer, Verdal, Inderøy, Fram, NTNUI, Vikåsen og Blindheim. Som i fjor vart det mykje tid til læring og diskusjonar gjennom det tre timar lange seminaret i Stjørdalshallen. I år var fokus enda meir på diskusjonar, caseløysing og videodøme. Vi såg på videoar både frå Mizunoligaen og frå våre eigne regionale seriar for å lære, og å reflektere rundt viktige element i dommargjerninga.
Både ferske og erfarne dommarar stilte opp, og det var verdifullt å lære av kvarandre sine erfaringar og refleksjonar.
Hovudfokuset i årets samling låg på samarbeid mellom 1.dommar og 2.dommar. Gjennom sju caser og ein del tips og triks frå erfarne dommarar fekk deltakarane nye perspektiv på korleis dommarteamet kan hjelpe kvarandre med å fange opp situasjonar, sikre lik praksis og sørge for god samhandling med laga. Deretter leia Ingar Norvik ei kort økt om haldningar som dommar, og fokuserte på kva som er viktig å reflektere rundt når ein inntek ei dommarrolle.
Mange nye dommarar har veldig ofte spørsmål om korleis sanksjonar fungerer. Jon-Erik Vollan utdjupa sanksjonsreglementet og korleis ulike hendingar skal kategoriserast innanfor sanksjonsskalaen. Han snakka også om dommaren si rolle i å arbeide saman med laga for å unngå å nå sanksjonsnivået. Vi såg deretter på videoar frå nasjonale og regionale serier, der deltakarane fekk prøve seg på å kategorisere ulike situasjonar etter sanksjonsskalaen.
Dommar 1: 6
Dommar 2: 1
Dommar 3: 6
Det vart heilt klart ei inspirerande økt og mykje god erfaringsdeling på eit viktig sosialt treffpunkt for dommarane. Vi kjem absolutt til å gjenta det neste år, og utfordrer andre regionar til å også gjere det same dommarutviklingstiltaket regionalt.
For dommarkomiteen Trøndelag
Vegard Buset
Bilete 1: Jon-Erik Vollan snakka om sanksjonar
Bilete 2: RDK-leiar Vegard Buset leia økt med diskusjonsoppgåver om dommarsamarbeid og videodøme på sanksjonar.
Gruppebilete 3: Frå venstre: Rune Eriksen (Verdal), Hannah Aarønes (NTNUI), Jon-Erik Vollan (Steinkjer), Sigurd Osen (Vikåsen) Max-Johan Jacobsen (Fram), Gregorio Alstad (Steinkjer), Ida Elvestad (Steinkjer), Ingar Norvik (Fram), Bjørn Ove Elvestad (Steinkjer), Kimia Alizadeh (Steinkjer). Vegard Buset (Blindheim) tok biletet, medan Ellen Mari Burheim (Steinkjer) og Linnea Klevset (Vikåsen) måtte reise før fotograferinga.

















