Foto: Einar Juliebø

La deg underhalde av god, norsk volleyball både laurdag og søndag.

Eliteserien byr på ei spennande helg med god, norsk volleyball, og på laurdagen etter litt tidleg koronavennleg handling i butikkar, kan du finne roen i godstolen ( eller i hallen enkelte stader), gå inn på direktesport og sjå volleyball frå kl. 1300 og fram til kl. 1800.

Søndagen startar tidleg med damekampen mellom TIF Viking og BK Tromsø allereie kl 0900. Perfekt tidspunkt til å sette på kaffen, slå på data/tv og nyte lange ballvekslingar, gode legg og stor volleyballglede. Når damekampen er ferdig, så ligg to herrekampar klar til å starte opp frå kl. 1130 og utover.

På damesida skulle det i utgangspunktet gjennomførast fem kampar, men på grunn av lokale restriksjonar blir ikkje kampen mellom TVN og Skjetten gjennomført på laurdagen.

KFUM Volda var solide sist helg, og skal denne helga møte Oslo volley. Begge lag har spelt 6 kampar, der Oslo volley har vunne tre av dei og KFUM Volda har vunne to. Sist dei møtte kvarandre, vant Oslo volley 3-1, så her er nok KFUM Volda lysten på revansje. Dette er siste kampen som blir spelt i Voldahallen då denne hallen skal rivast og alle motstandarar kan glede seg til etter jul, då dei skal få møte KFUM Volda i den nye storstova Volda Campus Sparebank1 Arena som er eit hallprosjekt av Volda handball og KFUM Volda Volleyball.

Skjetten som ligg på botn på tabellen i eliteserien for damer, tar turen for å møte Randaberg søndag. Dette er ein kamp som Randaberg er favorittar til å vinne, men Skjetten har fått meir og meir erfaring med å spele på elitenivå, og har utvikla seg frå i haust.

BK Tromsø damene med berre eit tap i år, kan reise til Førde og Bergen for å dra i land 6 poeng. Begge vestlandslaga gjev nok ikkje desse poenga frå seg utan kamp, og det skal bli spennande å sjå korleis både TIF Viking og ikkje minst BK Tromsø som har spelt kamp dagen før, taklar å spele kamp kl 0900 søndags morgon. Kamptidspunktet er påverka av flytider og korona, slik at her kan ein få underhaldning til frukostkaffen. Vil laga prestere så tidleg om morgonen, eller kan kampen verte prega av personlege feil? Kampstart så tidleg er litt sprøtt, men eit stort pluss er jo at folk i gjennomsnitt er eit par cm høgare om morgonen enn om kvelden, så kanskje vi får sjå at dette gjev utslag?.

På herresida skal elitelaget Asker skal ta turen over til Vestlandet for å spele mot Randaberg søndag. Kampen mot BK Tromsø førre helg, viste at laget er i framgang og held denne utviklinga fram, kan det bli ein underhaldande kamp på laurdagen. Kampen mellom TVN og Asker, der unggutane skulle fått prøvd seg mot det nyopprykka laget, er diverre utsett på grunn av lokale restriksjonar.

BK Tromsø får ei tøff helg mot Førde og TIF Viking som ligg som tabell toar og trear, og alt av poeng her er bonus for BK Tromsø. For TIF Viking og Førde er dette ei god gjennomkøyring av eigen sideout og overgang før semifinalane neste helg. Ein liten joker for Tromsølaget er om Kristoffer Østvik blir med på turen til Vestlandet.

OSI møter tabelltoppen Koll i Nydalen og på papiret så skal dette bli ein lett 3-0 seier til Koll, men volleyball er ein idrett der alt kan skje, og ein kan ikkje ta for lett på oppgåva.

 

Det er fredag og snart helg. Gled dykk til mykje spenning både i hallen og frå sofaen. Informasjon om lag og kampar i Mizunoligaen finn du på Datavolley, og alle kampane ser du på Direktesport.

Start typing and press Enter to search