Fotograf alle bilder: Eyrun Sol Einarsdottir.
NM U17 i Bergen i helga baud på solskin tre dagar til endes, men det var ikkje berre utanfor Åsane Arena at publikum kunne nyte livet. Også inne i den bjelleringande hallen var det fin temperatur og våryr stemning, og ein kunne glede seg over ei rekke skinande lag- og enkeltprestasjonar.
Kanskje aller mest å glede seg over til slutt, hadde jentene til KFUM Volda og gutane til Oslo sandvolleyballklubb, OSVB. Begge finalane søndag vart på imponerande vis avgjort 2-0, trass i at motstnadarane Strand-Ulv og Vikersund hadde pressa på med eit betydeleg høgtrykk undervegs i kampen.
Vegen til gutefinalen
Vegen til gutefinalen var naturlegvis svært spanande. Fleire gode lag måtte sjå seg slått i utslagsrundene, og det var berre så vidt at OSVB kom seg vidare frå 1/8-finalen i andre sett mot KFUM-Volda (29-27), og i første sett av kvartfinalen mot et offensivt Strandvik-lag (32-30). Oslo Volley måtte unngjelde (2-0) i semifinalen, ein siger som skulle fungere som ei god værmelding for Oslogutta.

Vikersunds gutar måtte på si side slå eit high flying Øksil-lag i 1/8-dels-finalen (2-0), eit Øksil-lag som før dei kom så langt, som vanleg måtte kjempe seg sørover gjennom kaskader av uvær-avlyste flights. Kampoppsettet var svært glade for at dei til slutt kom fram akkurat i tide til første kamp. Vidare måtte det tiebreak til (15-12) til for Vikersund mot eit iherdig og godt organisert Førdelag i kvartfinalen. Når Vikersund så kom til semien, varta Stovner opp med ein forrykande thriller, som også vart avgjort i tiebreak, 18-16. Hardt arbeid låg bak finaleplassen for Vikersunds unge talent, med andre ord.

Vegen til jentefinala
Vegen til jentefinala var ikkje mindre spanande!
Strand-Ulv hadde tidleg god medgangsbris frå 1/8-dels-finalen, då dei på imponerande vis ekspederte KFUM-Oslo (2-0), og Kristiansand Sandvolleyballklubb, KSK, i kvarten (2-0). Det var solskin og god flytsone for laget, godt hjelpt av god serving og skarp skyts ved nettet. Men motstanden auka i semifinalen, og dei tapte andre settet mot Kolbotn 26-24, før finalebilletten vart sikra i tiebreak, med overtydande 15-8.

KFUM-Volda tapte ikkje eit einaste sett på vegen til pokalen, men som hos alle gode lag, var trenarane undervegs likevel uroa over at laget ikkje fyra på alle sylindrar. Det skydekket forsvann nok i løpet av kvartfinalen mot sterke BK Tromsø, som til slutt fekk to spelarar inn på turneringas allstar-lag. Tromsø møtte likevel strid nedbør i form av energiske Volda-jenter i kvarten (25-13, 25-12), anført av ein av turneringas tydelege profilar, Edna Todorova.
Dermed kunne KFUM-Volda gå inn i semifinalen mot eit sterkt KFUM-Stavanger med sjølvtillit, noko dei hadde bruk for; For etter 2 jamne og intense sett, kunne voldingane juble etter 2-0-siger mot eit ambisjonsrikt KFUM-Stavanger-lag, som til slutt vann bronsefinala mot Kolbotn.

Finalane
I år var gutefinala først ute. Det vart ei finale som endte 25-19 til OSVB i begge sett, men bak settsiffera skjulte deg seg mange intense ballvekslingar på høgt nivå. OSVB som lag endte opp med 4 spelarar på allstar-laget til slutt, og leverte nok dei jamnaste prestasjonane i finalen. Vikersund kjempa iherdig, spesielt gjennom spydspiss Sebastian Kjemperud på diagonalplass, og Thomas Roness på kant, begge inne på allstar-laget. I sentrum for dei viktige ballane som gikk OSVBs sin veg, var ofte midtspelar Agala Bisimwa, som på grunn av si viktige og rolle for laget, og sine prestasjonar gjennom helga, fikk prisen som mest verdifulle spelar, MVP.

Jentefinala endte også 2-0, men også her skjulte det seg bak settsiffera betydelig spenning underveis, spesielt i siste sett, der det var jamt når laga nærma seg 20 poeng. KFUM-Volda sleit med å handtere den gode servinga til Strand-Ulv, samt den effektive angrepsarma til Maren Næss Våge, som kom på allstar-laget. Til sjuande og sist var det stødig legging av vinnarlagets Ingrid Humberset, i kombinasjon med angrepa til Edna Todorova frå alle posisjonar på bana, som vann KFUM-Volda kampen. Humberset kom på allstar-laget, og Edna Todorova vart kåra som turneringas mest verdifulle spelar.



MVP og Allstar
Etter mange gode prestasjonar gjennom helga, vart det av den lokale juryen bestemt at følgande spelarar skulle heidrast som del av eit allstar-lag:
Gutar:
Mikael Beckman dos Santos, OSVB (Kant)
Thomas Roness, Vikersund (Kant)
Agala Bisimwa, OSVB (Midt)
Martin Trengereid, Oslo Volley (Midt)
Sebastian Kjemperud, Vikersund (Diagonal)
Amund Remme Røstengen, OSVB (Oppleggar)
Manuel Filipe Anacleto Pato Baptista, OSVB (Libero)
MVP: Agala Bisimwa, OSVB
Jenter:
Maren Næss Våge, Strand-Ulv (Kant)
Suzanna Pilarczyk, KFUM-Stavanger (Kant)
Nora Langnes, Kolbotn (Midt)
Marie Nilssen, BK Tromsø (Midt)
Johanna Krane, KFUM-Stavanger (Diagonal)
Ingrid Humberset, KFUM-Volda (Oppleggar)
Kristine Richardsen, BK Tromsø (Libero)
MVP: Edna Todorova, KFUM Volda (Kant)


Fram til det siste crescendoet på søndagen, hadde arrangør Tif Viking bidratt på framifrå vis til å rigge for det som skulle bli ein meisterskap som skreiv seg inn i historiebøkene som eit av dei mest velorganiserte, presist lagt opp av playmaker Jonas Langlo.
Her var alt som det skulle, med nestor Ivar Bakken sittande som sjuande far i huset bakerst i sekretariatet, ivrig nedlessa av i varierande grad utfylte kampskjema — i til saman 27 timar. Og når til og med libero-Birk måtte trå til som speaker i finalane på kort varsel, og varta opp med å mane fram ei deilig publikumsbølge — og Mygame såg ut til å for det meste fungere (!) — verka det på slutten der nesten som om TIF Viking ikkje hadde noko i mot å søke arrangementet også neste år!
Takk!
NVBF vil gjerne få takke arrangør TIF Viking, alle dommarar, teknisk delegert Thorleif Bjerke, dommerdelegert Dag Morten Skartlien, og alle klubbar, lagleiarar spelarar og deira støtteapparat/familier som tok turen til Bergen denne helga. Utan dykk, ingen NM-fest!







