Trenarutdanning er no integrert i kvardagen ved ToppVolley Norge!

Korleis få til ein struktur der fleire tar utdanning som trenarar tidlegare, og gjerne som ungdom? Dette er eit spørsmål mange idrettar stiller seg. Eit av tiltaka NVBF har jobba med, er korleis trenarutdanning kan integrerast for unge utøvarar som går på vidaregåande skular, folkehøgskular eller anna høgare utdanning, der ein har volleyball eller sandvolleyball som ein sentral del av kvardagen.

I samarbeid med ToppVolley Norge (TVN), har NVBF no sett i gang eit prosjekt der tredjeklassingane ved TVN får Trenar 1 integrert i sin kvardag.

 

 

 

 

 

 

Gjennom eit slikt prosjekt, vil norsk volleyball få tilført mellom 25-30 nye trenarar med kompetanse for kvar tredjeklasse som går ut frå TVN. Leveransen av utdanninga er delt mellom NVBF og TVN, der ein saman får utnytta ressursar og kompetanse på best mogleg måte. NVBF er no i dialog med fleire stader i Noreg som kan vere aktuelle for liknande opplegg. Slike tiltak er noko som vil kunne auke sjansen for at ein bidreg som trenarar i norske klubbar tidlegare enn det som er realiteten i dag.

 

NVBF vil takke TVN for godt samarbeid, og ikkje minst takke kjekke elevar for to positive og inspirerande dagar frå 14.-15. november, då første del vart gjennomført.

Start typing and press Enter to search