No kan din volleyballklubb søke midlar til å auke aktiviteten i din klubb.

Norges Volleballforbund (NVBF) prioriterer rekruttering og utvikling. Det er for tida lyst ut utviklingsmidlar i form av økonomisk bidrag og utstyrspakkar. Meir info om dette finn du i vedlegg og her: https://volleyball.no/utviklingsmidler/

Kontakt gjerne vår entusiastiske regionkonsulent Ole Martin på 938 77 596 for rettleiing.

Regionstinget i Møre og Romsdal vedtok i mars 2018 at medlemsklubbane i regionen og kan søke om ressurs(ar) til å komplettere NVBF si satsing. T.d. i form av at regionen tilrettelegg og kostar inspirator/instruktør som kan ta del i din klubb si utviking i møte med skuleborn i kroppsøvingstimar, rekrutteringseventar, oppfølgande treningsamlingar m.m.

Det er ønske om tiltak som gjerne går over ein lengre tidsperiode med langsiktig effekt.

Send oss ein søknad der de skildrar tiltaket og skisserer eit budsjett. Ole Martin kan formidle kontakt med ressurspersonar i regionstyret for samspel og råd.

Innkomne søknader vert handsama fortløpande.

Send søknad til Regionkonsulent Ole Martin Kleivenes på: olemartin.kleivenes@volleyball.no

Samarbeidspartnere

Cloudnames Lerøy Mikasport Mizuno Nordic Choice Hotels Norwegian Frende Forsikring Antidoping Norge Amedia Svane
Cloudnames Lerøy Mikasport Mizuno Nordic Choice Hotels Norwegian Frende Forsikring Antidoping Norge Amedia Svane

Start typing and press Enter to search