NVBF ønskjer deg velkommen til årets cupfinaleseminar!
Tidspunktet er fredag 16. januar 1900-2030, og stad er Thon Hotel Storo. Vi håpar du vil vere med på ein kveld med gode diskusjonar om norsk volleyball, gjennom intervju, paneldebatt og spørsmål frå salen. Tema for årets seminar er:
- Europacup for norske lag – skal vi delta, og kvifor?
Vi har i år hatt stor deltaking i europacup av norske lag, og her får vi tankar og innspel til debatt frå erfaringane nokre av laga har gjort seg. Er det viktig for utviklinga av norsk volleyball at vi deltek? - Korleis kan vi løfte Mizunoligaen?
Vi spør både om kva som er bra, og om kva som må bli betre. Panelet spelar opp til debatt, og publikum deltek. Kanskje kan vi få fram nokre gode poeng og tiltak som NTV og NVBF kan ta vidare?
Årets seminar blir leia av Bendik Gabriel Huus, og deltakarane i panelet er mellom anna sentrale spelarar frå Mizunoligaen, samt representantar frå NVBF og NTV.
Det er sjølvsagt gratis å delta på seminaret – men vi ønskjer at ein melder seg på via lenka under av praktiske grunnar. NVBF stiller med kaffi og lett servering – og vi gler oss til ein kveld med låg terskel for god debatt!



