Foto: Einar Juliebø

 NVBF v/avdeling Arrangement og konkurranse søker etter arrangør til:

  • Gallaturnering lågare divisjonar
  • Norgescup U21

Gallaturnering skal gjennomførast på ei helg frå fredag til søndag våren 2023 og Norgescup U21 skal gjennomførast på to helger, ei før jul og ei etter jul.

Søknader skal sendast på epost til [email protected] og [email protected].
Søknadsfrist er satt til torsdag 19. mai 2022.

Nedanfor finn du dei planlagte datoane for dei ulike arrangementa, samt informasjon om kva kriteriar som vil ligge til grunn for tildelinga.

 

DATO FOR ARRANGEMENTA
NC U21#1: 26. – 27. november 2022
NC U21#2: 18.-19. februar 2023
Gallaturnering lågare divisjonar: 21.-23. april

(Elite, 1. divisjon og lågare divisjonar vil ha aktivitet desse helgene)

 

KRITERIER FOR TILDELING

Søkerklubbar må forholde seg til kriteriane nedenfor i sin søknad om å få arrangere et nasjonalt meisterskap.

  1. Klubben har minimum 6 baner tilgjengelig og kan levere en bekreftelse på hallbestilling.
  2. Tilstrekkelig overnattingskapasitet til alle deltakere.
  3. Tilrettelagt for streaming, minimum finalebaner.
  4. Klubben er en aktiv deltaker i NVBF med flere lag i seriesammenheng

 

RAMMER

Påmeldingsavgift 2500kr pr lag der arrangør får 1500kr av dette.
Arrangør dekker hallutgifter.
NVBF dekker oppsatte dommarar. Laga må forvente å dømme kvarandre.
Minimum 12 lag påmeldt for å gjennomføre arrangementet.

 

KVA SLAGS ARRANGEMENTER ER DETTE?

Gallaturnering er ei nasjonal turnering for lag i lågare divisjonar senior. Denne turneringa blir gjennomført etter at sesongen er avslutta, og her kan laga melde seg på i den divisjonen dei ønskjer å utfordre seg i, og spele mot lag frå heile landet.

NorgesCup U21 er to nasjonale turneringar for aldersbestemte lag. Målgruppen er klubbar som har spelarar i denne aldersgruppa og som ønskjer å få utfordringar utover lågare divisjonsspel og U19.

 

NVBF v/avdeling Arrangement og Konkurranse ser fram til å motta spennande søknader om arrangementsansvar for sesongen 2022-2023.

 

Start typing and press Enter to search