Utviklingssamling i Sogn og Fjordane

Spelarar som går på ungdomsskulen og/eller er født 2003, 2004, 2005 og 2006 er velkomne til å delta på utviklingssamlingar i region Sogn og Fjordane denne høsten. Treningssamlingene er eit tilbod til spelarane frå alle klubbar i Sogn og Fjordane. Det er spennande og inspirerande å få trene saman med andre spelarar enn dei ein treff til dagleg. Du får bli med på nye øvingar, og du blir rettleia av dyktige og engasjerte trenarar.

Under NM Regionlag U16 i Oslo stiller regionen med eigne lag. Dersom du har lyst til å prøve å komme med på regionlaget i ditt fylke, må du møte på dei opne samlingane. Dersom du er forhindra bør du melde forfall, slik at trenarane veit at du er interessert.

Hovedtrenarane på samlingane denne hausten vil være Ellen Bijsterbosch og Arild Undheim. Andre trenere er svært velkomne til å delta som hjelpetrenere under øktene. Meld frå om du kan bidra. Elles vert det anbefalt at klubbtrenarar og interesserte foreldre følgjer med på treningane for å lære.

Utviklingssamlingar i Sogn og Fjordane

Samling 1: Søndag 28. oktober – Naustdalshallen

Samling 2: Laurdag 24. november – Svelgen Idrettshall
Samling 3:  Laurdag 8. desember – Eikefjordshallen – Uttakssamling
Samling 4: Laurdag 5. januar – Naustdalshallen

 

Berre spelarar som deltek på de opne samlingane, eller melder frå om forfall, er aktuelle for å bli tatt ut på regionlag U16. Regionen skal delta med både jente- og gutelag under NM Regionlag som vert arrangert i Ekeberghallen i Oslo 11.-13. januar 2019.

Programmet på dei opne samlingene er som følger (dersom ikkje annet er oppgitt):
Økt 1 – kl. 10.00 – 12.00
Økt 2 – kl. 12.30 – 14.30
Ta med matpakke.

Påmelding til samlingene, frist onsdagen same veke.

Påmelding på mail til: [email protected]

( Merk med namn, fødselsdato og klubb)

Eigenandel: 100kr per deltakar, betalast kontant ved oppmøte.

Nyeste innlegg

Start typing and press Enter to search