Valkomiteen i NVBF ønskjer innspel på kandidatar til verv i forbundsstyre og komitear for perioden 2022-2024.
Til forbundsstyret ser vi etter personar som brenn for sporten vår og som vil vere med å utvikle norsk volleyball dei to neste åra. Ein kandidat bør ønskje å nytte styreplassen sin til å jobbe aktivt med eit eller fleire saksområde også mellom dei 6-8 møta styret har gjennom året.

Kandidatar til kontrollkomitéen bør ha økonomikompetanse, og dei som skal sitje i lovkomiteen, kunnskap og interesse for lover og regelverk innan idretten.

Forbundstinget i Norges Volleyballforbund vert arrangert 11.-12. juni. Innstillinga frå valkomiteen skal følgje NIF si lov §§ 2-4 (Kjønnsfordeling), 2-5, 2-6 og 2-7 (kven kan veljast) og gjeldande retningslinjer som er gjevne etter desse paragrafane.

Forbundsstyret skal ha minst eitt styremedlem som på valtidspunktet var under 26 år. Valkomiteen vil legge følgjande kriteriar til grunn ved val av kandidatar: kompetanse, mangfald, geografi, alder og kjønn.

Valkomiteen skal innstille kandidatar til:

  1.       Forbundsstyret: President, 1. visepresident og 2. visepresident, 5 styremedlemmer og 3 varamedlemmer.
  2.       Kontrollutval med leiar, 2 medlemmer og 2 varamedlemmer
  3.       Lovkomité med leiar og 2 medlemmer

Innstillinga frå valkomiteen følgjer sakspapira til Forbundstinget.

Slik kjem du med forslag på kandidatar:  

Send epost til [email protected] innan 1. mars 2022 med følgjande innhald:

  •         Namn, epostadresse, mobilnummer, fødselsdato og kva klubb vedkommande representerer.
  •         Informasjon om bakgrunn, engasjement og kompetanse.

Kandidatar som vert foreslått, må vere spurt om å stille som kandidat.

 

Valkomitéen i NVBF

Torill Faleide (leiar, FØRDE VBK), Tomm Hansen (Kolbotn IL), Kjell-Erik Kvamsdal (OSI)

Start typing and press Enter to search