Korleis skal du som trenar/leiar forholde deg til mobbing? Korleis ta tak i ein mobbesituasjon?

Kva er mobbing?
Mobbing er ei negativ handling frå ein eller fleire, retta mot ein annan. Denne negative handlinga blir gjenteken, går føre seg over tid, og kan på denne måten bli ei systematisk krenking. Det er den som vert mobba som har rett til å definere om ein har blitt utsett for ei krenking, og det er trenarar og leiarar sitt ansvar å ta denne opplevinga på alvor.

Norges idrettsforbund har laga råd og tips på korleis du som trenar eller leiar skal forholde deg til mobbing og korleis du skal ta tak i ein mobbesituasjon.

Start typing and press Enter to search