Foto: Eivind Pettersen                  Vinnar av M50: Spirit Lørenskog

NM Veteran og livslang volleyballglede i Bergen.

25 lag i seks forskjellige klassar deltok denne helga i NM Veteran i Bergen. Sjølv om deltakarane møtte eit noko kaldt sommarver, var det varm mottaking i hallen av arrangør og motstanderlag. Under volleyballkampane var ein motstandarar, men både før og etter kampen var gleda stor over å møte igjen dei ein har spelt mot, spelt med, dei ein har trent eller blitt trent av, eller dei ein rett og slett berre har vert saman med som volleyballpappa/mamma.

TIF Viking var arrangør og inviterte til sin flotte, nye Åsane Arena, og deltakarane kunne vandre gjennom klatrehall, ishockeyhall, turnhall og ein idrettshall med 9 volleyballbaner og 12 meter takhøgde. Det vart gjennomført puljekampar og sluttspel fredag og laurdag, der ein avslutta det heile med ein bankett. På banketten mottok vinnarane medalje i kvar klasse, i tillegg til at det vart delt ut 5 år, 10 år, 15 år og 25 årsmerker for deltaking på NM Veteran. Det er rett og slett imponerande å sjå alle desse utøvarane som har livslang volleyballglede.

Vi gratulerer noregsmeisterane 2022!
K40: Beachlaget
K30: Oslo Volley

M50: Spirit Lørenskog
M30: TIF Viking young Guns

Det vart også kåra MVP i kvar klasse: 
K40: Eydis Dalen – Beachlaget
K30: Mari Berget – Oslo Volley

M50:  Joar Fornes – Spirit Lørenskog
M30: Jon Erlend Haukås – TIF Viking young Guns

Kampoppsett, resultater og heile resultatlista ligger i Profixio.

 

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search