NVBF Region Sogn og Fjordane har gleda av å invitere til trener 1.

Trener 1 er første nivå i Noregs Volleyballforbund si trenarløype. Fokuset i utdanninga er på innlæring og deltaking. Trener 1 er eit tilgjengeleg kurs for alle frå 16 år som ynskjer å starte på ei trenarutdanning. Som deltakar på Trener 1 får trenaren ein plattform av basiskunnskapar om utøverane sine basisferdigheiter.

Trenar 1 er sett saman av fire kursmodular, samt praksis.

Generell informasjon:
• Tid: 2-3. mars og 6-7. april

• Sted: Halbrend Skule, 6800 Førde
• Passar for: trenere, foreldre, lærere og ungdom.
• Kursinstruktør: Marcin Krzysztof Gården
• Forkunnskapar: Interesse for volleyball/sandvolleyball
• Krav: Deltakarane må vere 14 år for å delta på modulen Minitrenar, medan ein må vere 16 år eller eldre for å delta på øvrige modular. Ungdommar født i 2003 kan også delta, men vil først motta lisens på sin 16-års dag. Det er obligatorisk oppmøte alle kursdagar.
• Kursavgift: 2000 NOK. Dette dekker fire dager kurs av 32 timer, 14 timer e-læring, elektronisk kurshefte og oppfølging i praksisperioden. Obligatorisk del av kurset er en time HLR. HLR-pakken med bl.a. instruksjonsvideo og mini Anne dukke kjem i tillegg og koster kr. 230,-. Dukken beheld deltakar.
• Antall deltagere: kan bli avlyst dersom det vert for få deltakarar
• Kost, overnatting og transport betalar den enkelte deltakar/klubb

Påmelding gjer ein via Min Idrett(https://mi.nif.no/). Skriv inn “Trener 1 NVBF” i feltet til høgre i bilete. Huks å klikke på kurs i fana over feltet (Se bilete nederst i nyheta).  Påmeldinga er bindende og deltakarane vil bli fakturert etter påmeldingsfristen har utløpt.

Påmeldingsfrist: ei veke før kursstart.

Spørsmål om innhald i kurs rettar ein til Marcin Krzysztof Gården:
mail: Marcin.Krzysztof.Gaarden@ekornes.com
tlf: +47 466 11 860

Praktiske spørsmål knytta til kurshelga(ne) rettar ein til Elisabeth Bjørvik:
mail: elisabeth.bjorvik@volleyball.no
tlf: 91688994

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search

2019-nmr-daginge-5