Prosjektet «Volleyball4All» er eit samarbeid med Nederland, Belgia, Slovenia, Tsjekkia og Noreg der forbunda under Erasmusprosjektet skal arbeide med temaet: volleyball for alle. Dette betyr at vi diskuterer tema som gjeld volleyball aldersgruppa 6 – 12 år, diamantvolleyball, utdanning, volleyball i skulen, e-læring med meir.

Fredag 8. april til søndag 10. april var vi samla i Brussel,Belgia der vertskapet Kristof De Loose og det belgiske forbundet tok godt i mot oss. I løpet av helga fekk vi sjå minivolleyballturnering 1vs1 og 2vs2 i Grimbergen, delta på U9-U11 trening med fokus på ball og rørsle, observere trening med juniorlandslaget for gutar og jenter før vi avslutta med Movement school Achilles søndag, der vi fekk delta på rigging av hall som starta over 2 timar før dei første barna i alder 1,5 – 3 år kom kl. 0900.

Workshop denne helga var volleyball i skulen der vi delte øktplanar frå dei forskjellige landa som både trenarar og lærarar kan nytte godt av, og informasjon om korleis ein organiserer dette frå land til land. Dorieen frå Nederland informerte om korleis Nederland skal gjennomføre «Heroes on tour» i mai og juni, der landslagsspelarar skal besøke skulane, halde ein presentasjon før dei avsluttar med ei praktisk økt i hall. Dette er ein del av opptrappinga til VM for kvinner som Nederland i samarbeid med Polen skal arrangere frå 23. september til 15. oktober 2022.
I tillegg diskuterte vi minivolleyball der vi held fram med å dele gode tips og råd og dermed får eit betre innblikk i korleis dei andre landa gjennomfører sin volleyball for dei under 12 år.

På grunn av covid har det vert utfordring i gjennomføring av dei fysiske møta, slik at dette møtet vart gjennomført kort tid etter at vi hadde vert i Oslo 11.-13. mars. I Tigerstaden diskutere vi temaene utdanning av trenarar, forskjellige konkurranseformar for barn og unge og våre besøkande fekk eit innblikk i den norske idrettsmodellen.

Både fredag, laurdag og søndag var vi i Stovnerhallen der vi hadde workshop og fekk moglegheit til å sjå både teen og mini turneringar. Fredag starta vi med samling i Stovner der dei internasjonale gjestane våre fekk delta på diamantvolleyballkurs med John Walstad, og heile helga var  Stovner og Walstad eit godt vertskap for vår samling og stilte med både møterom, mat og drikke.

Laurdag fekk vi sjå 65 lag i aksjon i teenturnering i Stovnerhallen til stor interesse for gjestane våre blant anna når det gjeld tilrettelegging slik at alle kan finne ein arena som passer deira nivå. Jon Grydeland som deltok på turneringa som trenar, brukte ein av pausane sine i turneringa til å fortelje litt om teen, korleis melder ein seg på, filosofien bak «ingen innbyttarar då melder ein heller på fleire lag» i tillegg til at han snakka ein del om utdanning.

Søndag deltok Kåre Mol der han hadde ein kort, praktisk introduksjon med hovudtema aktivitet, ball og forflytning i pausen i miniturneringa. Før og etter den praktiske økta fekk våre gjester møte Kåre og høyre på han sine gode idear og refleksjonar, der også ein nytta tida godt til diskusjon av det spennande temaet volleyball, utvikling og barn/ungdom.

Start typing and press Enter to search