Mange lag skal i aksjon i helga, og vi går ei spennande runde i møte.

Til helga skal NTNUI møte begge cup-finalistane på herresida frå i fjor, TIF Viking og Førde, og dersom NTNUI klarer å halde toppnivået gjennom begge kampane, så kan dette bli ei skikkeleg spennande kamphelg. Vil nokon av laga ta inn på Koll som ligg klart i toppen, eller vil Koll halde fram seiersrekka mot Randaberg. Til no har dei spelt 4 kampar og berre tapt eit sett. I Oslo skal Randaberg møte topp og botn på tabellen, korleis vil det verke inn på laget sine prestasjonar?

I eliteserien for damer skal Randaberg ut på ein lang køyretur der dei møter eit spennande lag frå KFUM Volda på laurdagen, før dei reiser vidare til Førde på søndagen. Vil mange timar i bil verke inn på resultatet, eller går Randaberg ut med 6 poeng etter endt seriehelg. BK Tromsø tek turen til Oslo for å møte Koll og Oslo volley. Ein reknar med at Koll vil vere med heilt i toppen, men førebels har dei berre spelt ein kamp så det skal bli spennande å sjå korleis det går mot BK Tromsø som også har full pott så langt i sesongen. Tidlegare storlaget Oslo volley har ikkje innfridd så langt i sesongen, førre helg tapte dei mot laga frå vest, kan dei reise seg når laget får nord kjem nedover? Både BK Tromsø, Koll og Randaberg har full pott så langt, men kven vil stå utan tap etter helga?

NTNUI 2 går ei travel helg i møte i 1. div for menn. 3 kampar på tre dagar i Bergen ( Sotra, BTSI og TIF Viking), korleis vil det slå ut? Av dei tre, så er det TIF Viking som på papiret er den tøffaste motstanden. Kan Sotra eller BTSI få ein første seier når laget frå Trondheim kjem på besøk? TIF Viking har herja i 1. div i mange år, og kan i denne runda sikre tabeltoppen. Askim som framleis står utan tap i serien, skal møte Førde 2. Sist gong vant Askim 3-1, vil dette bli annleis på heimebana til Førde? Askim rykka ned frå eliteserien i fjor, vil dei tilbake i eliten, må dei komme heim frå Førde med full pott. Kven er best i Rogaland? Er det jyplingane frå TVN med stort engasjement som går av med seier eller er det Sandnes sine menn med hår på brystet som er best og eldst?

I 1. div kvinner i Oslo vert det eit spennande lokaloppgjer mellom to lag som kjenner kvarandre godt, Koll 2 og OSI. Denne kampen hater alle å tape, slik at her kan det bli eit fyrverkeri av ein volleyballkamp. NTNUI møter BSI og TIF Viking 2 i Bergen, og med seier her, så tek dei eit god grep om tabelltoppen. Dersom dei vil opp i eliteserien, må dei komme heim frå Bergen med maks poengfangst.

Start typing and press Enter to search

volleyball i skolen Opplegger