Foto: Ole Andreas Bø

NM REGIONLAG  SANDVOLLEYBALL ER SNART I GANG

18 regionlag med 6 spelarar på kvart lag, trenarar og foreldre er klar for NM Regionlag frå 30. juni til og med 2. juli. Randaberg har vert arrangør både for NM Regionlag sandvolleyball i 2022 og 2023, og spelarar, trenarar, foreldre og NVBF sine representantar er blir svært godt tatt i mot av vertskapet.

Også dette året deltek kvar region med eit lag i kvar klasse, med unntak av region Øst som deltek med to lag. Utøvarane er klare for flotte dagar på Randaberg.

NVBF har oppretta ei NM Regionlag sandvolleyball side, der alle troppane blir presentert. På sida finn ein også link til kampoppsett/resultat, samt program for arrangementet med meir.

Kvar region har med seg 6 spelarar, og spelemåten som vert brukt i turneringa er difor annleis enn det vi er vant med i sandvolleyball. Når to regionar møter kvarandre, vert det spelt noko som minner om ein 5-settskamp, der kvart sett går til 21 poeng. Frå sett til sett skal lagleiar bytte inn spelarane sine. Dei fire første setta skal spelast uansett, og ein kamp kan difor ende 4-0 eller 3-1. Etter fire sett skal alle spelarane på laget ha spelt minst eit sett. Dersom det står 2-2 etter fire sett, skal kampen bli avgjort med eit golden set til 15 poeng. Då kan trenaren velje fritt blant spelarane kven som skal spele det siste settet.

NVBF ønskjer alle spelarar, trenarar og arrangørar lykke til i meisterskapet!

 

Start typing and press Enter to search