Ti deltakarar drog saman med trenarutviklarane Kåre Mol og Matt van Wezel til Rotterdam/Nederland frå 6. – 9. oktober.

Her gjennomførte dei første del av NVBF sitt trenar 2-kurs i kombinasjon med å få oppleve VM i volleyball for kvinner, som i skrivande stund går inn i finalane. Tanken med å legge opp kurset på denne måten var å slå to floger i ein smekk, og skape ei ekstra oppleving for dei som deltok.

         

Denne kombinasjonen må kunne seiast å ha vore ein suksess. Kurset var lagt opp med ei praktisk tilnærming til det å vere trenar, og i kombinasjon med VM opna dette opp for moglegheita til å analysere kampar og ulike spelelement i forhold til korleis dei aller beste laga og spelarane i verda løyser desse oppgåvene. Observasjon av det høgste nivået volleyball, kombinert med god tid saman i hall og refleksjon, er ei samansetning som kan vere krevjande å få til i Noreg. Sjølv om det gjekk noko tid til logistikk, så er dette i det store og heile noko vi ønskjer å bygge vidare på. Det å ha nokre kurs i ein slik samanheng, med tilhøyrande praktisk tilnærming, håpar vi kan vere eit spennande alternativ for mange, også i framtida.

           


Trenar 2

No går kurshausten vidare, og for trenar 2 vil første del bli arrangert i både Oslo, Blindheim og Randaberg før jul, før deltakarane frå dei ulike kursa samlast til felles gjennomføring av del 2 i Oslo frå 3. – 5. februar. NVBF og trenarutviklarane gler seg til å ta dei imot!

Du er nysgjerrig på kva kurs du kan melde deg på, seier du? Sjekk ut vår kurskalender på https://volleyball.no/kurskalender/. Du er hjarteleg velkommen!

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search