Foto: Nigel Boyce. 

NM i Sandvolleyball vart avslutta med finale i Norway Cup

Då vinnaren av bronsefinalen i NM Sandvolleyball for GU17 kunne strekke armane i vêret, spelte fotballaget hans sin første kamp i Norway Cup.

Den siste veka i juli og den første veka i august har Børge Undheim (16) frå Kristiansand vert fullt opptatt med kampar kvar dag. Saman med Tobias K.K. Pedersen (16) deltok han i NM Sandvolleyball i klassen GU19 og GU17 for Kristiansand Sandvolleyballklubb før han forsatte med deltaking i G16 – 11-ar for Vigør FK i Norway Cup.

NM sandvolleyball
Børge og Tobias deltok først i NM GU19 som starta tysdag 26.juli, og laget hadde planer å bruke turneringa som ei gjennomkøyring før NM GU17 som var hovudmålet for sesongen. Likevel kom dei heilt fram til 1/8 dels-finalen før dei gjekk på eit tap og enda til slutt på delt 9.plass.

Då fredagen kom, starta NM med puljespelet i GU17, og no var dei i gang med den turneringa som verkeleg gjaldt.

I NM sandvolleyball kan ein rekne med to til tre kampar kvar dag der kvar kamp kan vare mellom 30-50 min alt etter kor jamn kampen er,  medan i Norway Cup varierer det mellom ein til to kampar kvar dag der ein omgang varer i 25 min.

På laurdagen tok Børge og sandvolleyballpartner Tobias seg fint vidare gjennom både 1/8 dels og ¼ dels finalen, og då søndagen kom og Vigør FK skulle spele sin første kamp i Norway Cup, var Børge opptatt med semifinale.

Diverre tapte dei semifinalen etter ein jamn kamp, og måtte då ut i bronsefinalen. Gjennom lange ballvekslingar, gode side-out og godt trøkk vant dei til slutt bronsefinalen 2-1 og fekk dermed med seg ein etterlengta medalje sjølv om målet var gull i G17.

Førebuing
Gjennom vinteren trena Børge stort sett 4 volleyball- og 4 fotballøkter. Dersom ein måtte gjere prioriteringar i treningane, var fotballtrenar Tommy Egeli god på tilrettelegging og viste forståing for at volleyballen vart prioritert. Frå april og utover spelte han fotballkampar på vekedagar og sandvolleyballturneringar i helgene, men då sommaren kom var det utfordrande å halde både på volleyball- og fotballformen.

Norway-cup
Ikkje lenge etter siste volleyballkamp var spelt, henta han fram soveposen og tok turen bort på skulen som laget hans overnatta på, og medan Børge spelte bronsefinalen vant Vigør sin første kamp.

Utover veka gjekk Vigør frå seier til seier med Børge som midtstopper og back, og då fredagen var ferdig stod Vigør igjen som vinnar av både ¼ -delsfinalen og semifinalen mot Askim fotballklubb. Når vi spør korleis det har vert å spele kampar kvar dag i fleire veker, så er tilbakemeldinga at det har gått uventa bra å spele kampar, og han var mest spent på fotballformen.

Laurdag 6. august skal Børge spele A- finale G16 – 11-ar mot Tromsdalen fotball, og vi lar oss imponere over allsidigheita hans.

I tillegg til 3.plass i NM GU17 i sandvolleyball, er han også vinner av NM GU17 volleyball 2022 som vart gjennomført i Gjesdal.

Start typing and press Enter to search