Foto: Einar Juliebø – arkivfoto frå seriekamp

FAVORITTANE SLO TIL

Det vart ingen cup-bombe i semifinalane, men ei stund såg det ut som herrelaget til Koll skulle stikke kjeppar i hjula til TIF Viking. 

 Semifinalar menn 

Ettersom både TIF Viking og Førde vant 3-0 i den første semifinalen, var dei storfavorittar til å gå vidare til finalen.   

TIF Viking – Koll: 3-2 (25-10, 22-25, 22-25, 25-18, 15-11) 

Det viste seg at kampen mellom Bergen og Oslo skulle bli den mest spennande semifinalen av alle. Første sett mellom TIF Viking og Koll enda 25-10, og då såg det ut som løpet var køyrt for Koll sin del. Men i andre sett viste libero Øystein Bergum klasse, og serverte det eine gode mottaket etter det andre. Dette medførte at Koll fekk brukt midtspelarane sine meir som medførte eit meir variert angrepsspel, og Oslo-laget drog dei neste to setta i land. Brått var(t) det meir nerve i kampen, og dersom Koll også vant det 4.settet, ville kampen gå til Golden sett. I dette settet følgde laga kvarandre tett fram til stillinga 7-7, etter det hadde TIF Viking ei to-poengsleiing utover i kampen. Men på stillinga 14-12 til TIF Viking, vart det full stopp for Koll og laget frå Bergen gjekk opp i leiinga 18-12. Derifrå og inn, såg aldri bergensarane seg tilbake, og sikra finaleplassen med siger i 4.sett.  

Førde – NTNUI3-1 (25-20, 2514, 21-25, 25-19) 

I denne kampen var Førde rett og slett betre i alle fasar i dei to første setta, og sikra finaleplassen. I dei to siste setta vart det jamnare mellom laga, og begge laga brukte fleire av spelarane sine i dei to siste setta. 

Finalen vert då mellom TIF Viking og Førde, og desse laga har møtt kvarandre fleire gonger i ein cup-finale før.  

 

Semifinalar kvinner 

På same måte som TIF Viking og Førde var storfavorittar på herresida, var også BK Tromsø og Koll favorittar på damesida. 

Randaberg – Koll: 0-3 (20-25, 14-25, 22-25) 

Her vart Kolldamene rett og slett for sterke, og tok med seg alle tre setta tilbake til Oslo. 

BK Tromsø – TIF Viking: 3-2 ( 25-17, 25-17, 23-25, 27-29, 15-8) 

For at BK Tromsø kunne gå vidare til finalen, måtte dei vinne to sett. Ettersom dei vant dei to første setta, var dei allereie i finalen, og kunne bruke resten av kampen til å la fleire få speletid. Det vart ein tett og fin kamp utover i setta der TIF Viking drog i land dei to neste setta med minst mogleg margin. For å avgjere kampen måtte eit 5. sett til der BK Tromsø gjorde nokre endringar, sette inn ein liten sluttspurt og drog i land sigeren.  

Finalen vert då mellom Koll og BK Tromsø, der BK Tromsø er i sin første finale på damesida. 

Historisk 

Alle klubbane som har kvalifisert seg til finalen, er erfarne finalistklubbar. Frå og med året 2000, har TIF Viking (Nyborg) vunne finalen 6 gonger, sist gong i 2018. Førde VBK har vunne totalt 7 gonger (  damelaget 2 gonger ), dei vant både i 2019 og 2020. Koll har vunne 11 gonger på rad frå 2000 – 2010, men dette er jo begynt å bli ei stund sidan. BK Tromsø sitt herrelag har vunne finalen 5 gonger frå året 2000, men førebels har ingen damelag frå Tromsø vunne cupfinalen. 

Les meir om resultat i cupen og historiske resultat her

Start typing and press Enter to search