Ny podcast om volleyball

Mens du venter på stream fra semifinalene i NM, sjekk ut Lars Fredrik Tvinde og Bjarne Nikolai Huus sin nye podcast, Sideout, om sporten vi elsker.

Sideout er en perfekt podcast for deg som har lyst til å få litt ekstra innblikk i volleyballen på både et generelt nivå og på et litt mer detaljert nivå. Gutta fra Førde har i skrivende stund lagt ut tre episoder hvor de tar for seg litt om de forskjellige spillerposisjonene på banen, og spillfasene forsvar og blokk. Grunnlaget er lagt for det som forhåpentligvis blir mange episoder fremover.

Lars Fredrik og Bjarne Nikolai har, tross sin unge alder, en lang og bred erfaring, både med volleyball og sandvolleyball. De har begge bakgrunn fra TVN, de har VM-sølv i sandvolleyball, de har spilt proff og de er landslagsspillere i volleyball. Bjarne Nikolai har også spilt universitetsvolleyball for Long Beach, der han bidro sterkt til seier i det amerikanske mesterskapet i 2018. Sesongen 2020-21 spiller guttene for hvert sitt lag i Mizunoligaen, Lars Fredrik er opplegger på Koll og Bjarne Nikolai er kantspiller for Førde. Vi har bedt dem om å fortelle litt om bakgrunnen for at Sideout ble til.

Hvorfor har dere satt i gang med prosjektet Sideout?

Ideen til Sideout starta eigentleg med mange gode samtalar om volleyball gjennom fleire år, der det på spøk ved enkelte tilfeller blei sagt at dette burde takast opp og delast med fleire. Vi har alltid vore interesserte i å bidra til å utvikle volleyball og sandvolleyball i Noreg på mange måtar, og det må kunne sjåast som hovudgrunnen til at vi valde å starte Sideout. Inntrykket i forkant har heilt klart vore at dette er noko miljøet vårt i Noreg kunne tenke seg å høyre på, men vi har likevel vore veldig spente på korleis dette ville bli motteke. Etter ei tid med planlegging, der vi har vore veldig opptekne av å gjere dette skikkeleg når vi først startar, slapp vi første episode i starten av januar 2021. Responsen har vore veldig god, og vi er særs takksame for alle spørsmål og tilbakemeldingar frå lyttarane så langt.

Hva håper dere å oppnå med podcasten? Hva er det dere ønsker å formidle?

Vi ønskjer heilt klart å bidra til å utvikle både volleyball og sandvolleyball i Noreg, både for trenarar og spelarar eller folk i andre roller, ved å bringe vidare den kunnskapen og erfaringa vi har frå idretten. Dersom vi klarar å inspirere folk, anten ved å gje tips og idear, eller ved å skape diskusjonar om korleis vi kan bli betre både individuelt og saman, så er Sideout ein suksess i våre auge. Det er utruleg viktig at vi som driv med volleyball og sandvolleyball i Noreg alltid er opptekne av utvikling, og vi ønskjer å synleggjere at sjølv om det blir gjort mykje bra arbeid rundt om i landet, så er potensialet for å bli litt betre kvar dag enormt stort. Kunnskapen vi sjølv har vil vere sentral, men saman med spørsmål frå lyttarane og framtidige gjestar med ulik kunnskap og mange erfaringar, håpar vi å skape ein kjekk og lærerik miks for dei som ønskjer å høyre på.

Hva kan vi forvente fremover?

Målet framover er å produsere ein episode i veka, der vi vil ha ulike tema og ulike gjester. Med jamne mellomrom vil vi ta opp spørsmål og innspel frå lyttarane, og lage episodar basert på dei. Det engasjementet vi har kjent dei siste vekene, i form av tilbakemeldingar, innspel og spørsmål frå dei som høyrer på, har vore utruleg inspirerande for oss, og ei viktig drivkraft for å gjere dette så bra som mogleg. I nær framtid vil vi også lansere ei nettside, der vi kjem til å publisere episodar, men også ein blogg, der vi med jamne mellomrom vil legge ut postar om diverse tema som vi håpar vil skape endå meir engasjement, og endå fleire moglegheiter til å lære. Bendik Gabriel Huus, bror til Bjarne, er skribent for både Sideout og nettsida, og vil vere med på å bidra til at dei som vil ha innhald for auger, i tillegg til øyrer, får det på ein god måte.

Hvem passer podcasten for?

Sideout passar for alle som er glade i volleyball og sandvolleyball, og vi trur at dette vil gjelde uansett nivå! Men, vi er særleg opptekne av å skape læring og utvikling i sporten vår, og å fange lyttarane og lesarane som er opptekne av nettopp dette. Er du ein spelar som brenn for å utvikle deg, eller ein trenar som treng inspirasjon eller har utfordringar med eit lag? Uansett kva rolle du har, håpar vi å kunne hjelpe med utvikling, slik at nettopp du kan komme deg eit steg vidare.

Noe annet dere ønsker å legge til?

Vi ønskjer masse tilbakemeldingar på det vi gjer! Kvar tilbakemelding, og kvart spørsmål, er med på å gjere oss litt betre kvar dag. Og akkurat det, nemleg å bli 1-2 % betre for kvar episode, er målet vårt. Vi har gått til innkjøp av gode mikrofonar, som vil eliminere dei problema med lyd vi hadde i dei første episodane. Og, vi håpar at dersom du set pris på det du høyrer eller les, delar det med så mange som mogleg! Ta kontakt på Facebook eller Instagram, eller på e-post til sideout.vbpodkast@gmail.com. Vi høyrast!

Podcasten finner du på Spotify og iTunes. Søk på sideout volleyball eller følg lenkene.

Og gi gjerne podcasten en like på Facebook og Instagram.

Samarbeidspartnere

Cloudnames Lerøy Mikasport Mizuno Nordic Choice Hotels Norwegian Frende Forsikring Antidoping Norge Amedia Svane
Cloudnames Lerøy Mikasport Mizuno Nordic Choice Hotels Norwegian Frende Forsikring Antidoping Norge Amedia Svane

Start typing and press Enter to search