Om ildsjelprisen

Frivilligheit er bærebjelken i klubben, og den frivillige innsatsen som mange volleyballentusiaster gjer, er av avgjerande betydning for at klubben skal kunne ha eit godt aktivitetstilbud til sine medlemmar. Erfaring viser at klubbar der mange nok personer deler på ansvaret vil ha størst moglegheit til å lykkast med kontinuitet i aktivitetstilbud og eit godt klubbmiljø. Vi veit at robuste klubbar ikkje kjem av seg sjølv, og det er imponerande når ildsjeler bidrar år etter år og gjer ein frivillig jobb i regi av klubben.

Ildsjelprisen går til personar som over fleire år:

  • bidrar på ein svært positiv måte til å skape aktivitet, lage gode arrangement og er tilgjengeleg for klubben sine ulike gjeremål, det vere seg som leiar eller i en annen rolle i klubben, slik som håndtere sekretariatet, speakerfunksjon, stå i kafeen, skaffe sponsorer og nødvendig utstyr, medlemsrapportering, logistikk og organisering av reiser for å nemne noko.
  • skaper idrettsglede rundt seg på klubbnivå, tilrettelegg for godt klubbmiljø, har respekt for alle, viser openheit, engasjement og klarer å engasjere mange slik at fleire i klubben held fram med sitt engasjement for sporten (volleyball, sandvolleyball, sittevolleyball, diamantvolley).

Forbundstyret har tildelt Ildsjelprisen 2022 til Giske IL volleyball ved Ann-Helen Tryggestad Arthur og Michael Arthur

Giske Volleyball går foran som blide, omgjengelige, rause og inkluderande når dei reiser rundt på turneringar. Dei er alltid høflige mot motstandarar og dommarar, dei spør korleis andre har det og dei bidreg med positive vibbar same kvar dei kjem. Michael og Ann-Helen er trygge og rolige vaksne som alltid har volleyballen sitt beste i tankane. Dei er flotte rollemodeller for jentene når dei reiser rundt i Møre og Romsdal.

Ildsjelpris 2022

Foto: Camilla Humberset

Prisen vart delt ut under flotte rammer i Volda Campus laurdag 18. mars der ein gjennomførte mini- og U15-turnering. Rett etter at minikampar var ferdig, og før nye U15-kampar skulle til å starte, stoppa aktiviteten i heile hallen opp,  og vinnarane av prisen fekk den merksemda dei absolutt fortjener.

 

Start typing and press Enter to search